Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Reagerer på vegstandarden

Del | |
? Dette er galskap sett i system, var parlamentarisk leiar, Siv Jensen, i Frp sin kommentar til at kommunen og næringslivet har måtta forskottera tunnelen som skal erstatta flaskehalsen Espeland ? Herland
Publisert 22.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Jensen var i går i regionen i samband med Radøy Frp sitt 10-årsjubileum fredag kveld.
Espeland ? Herland ligg langs hovudfartsåra frå Mongstad, og staten tener over 900 millionar kroner årleg berre i avgifter på drivstoffet som vert frakta over denne vegstrekninga.

? Heilt feil
? Det vert heilt feil at kommunen og næringslivet må forskottera denne tunnelen, når det er staten som er den største profitøren på transporten på vegstrekninga, sa Jensen.
At det no også manglar 30 millionar kroner til den nye tunnelen, reknar ho med at partikollega og representant frå Nordhordland, Gjermund Hagesæter, tek opp med samferdsleministeren.

Imot bompengar
Frp er imot bompengar og meiner staten bør betala for vegane.
? Anten får ein dekka dette over vegavgiftene, eller så får ein dekka det over bompengar. Ein kan ikkje gjera det på begge måtar, slik som no, seier Jensen.
I Frp-styrte Os har dei no søkt om eit bompengeprosjekt.
? Får Os-ordførar Terje Søviknes kjeft no?
? Nei. Eg forstår at Frp sine ordførarar og lokalpolitikarar vert utsette for eit stort press både frå næringslivet og innbyggjarane sine. Eg har stor forståing for det dilemmaet dei opplever, seier Jensen, som lovar kraftig oppjustering av investeringane i vegar dersom Frp kjem til makta. Ho har inga tru på at auka vegsatsing kan føre til inflasjon. I tillegg til jubileet til Radøy Frp på kvelden, var Jensen på besøk hjå Statoil Mongstad, og deltok på ein rundebordskonferanse i Radøy kommunehus på ettermiddagen. Partiet gjev full stønad til planane om å etablera eit kraftvarmeverk på Mongstad, og stør også å oppretta oljeverndepotet på Fedje igjen.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt