Reaksjonar på at Kræmmerholmen er stengt
Endret 20.08.07 10:49
? Me klagar fordi me synest det er for gale at dei tar ifrå oss eit tilbod som me har nytta oss av. Når ein bur her ute på Fedje, har ein alt avgrensa tilbod å velja mellom, seier Trond Ågotnes.
Han er ein av dei som har skrive under på brevet til kommunen.
På Fedje er det i dag to serveringsstader som er innvilga skjenkeløyve, Holmen Cafe og Kræmmerholmen.
Få tilbod
? Me har jo hatt eit greitt tilbod om sommaren, men ikkje no om vinteren. Når den eine staden er stengd, vert tilbodet til oss fastbuande svært avgrensa, seier Ågotnes.
I brevet vert det reagert på at Kræmmerholmen skal vera open når det kjem «kapitalsterke, velrennomerte firma som ønskjer ein betre middag». Men når den vanlege fastbuande ønskjer ein kveld i det same miljøet, då er det stengt.
Var det slik intensjonane var då skjenkeløyvet vart gitt? spør dei som har sendt brevet til kommunen.
Gjermund Havstad, som driv Kræmmerholmen, seier drifta er nøydd å vera sesongbetont, og at dei vil halda ope dersom lokala vert bestellt på førehand.
? Me har ikkje høve til å halda ope kvar helg, men me arbeidar for å få til mange arrangement, der sjølvsagt også dei fastbuande er velkomne, seier Havstad.
Ordførar ueinig
Det vert i brevet også bede om at brevet vert tatt opp til behandling i kommunestyret så snart som råd. Ordførar i Fedje kommune, Erling Walderhaug, seier dei har mottatt brevet. Men han kjem ikkje til å ta saka opp i kommunestyret.
? Eg kjem til å svara kvar enkelt som har skrive under med eit høfleg svar. Eg vil takka for interessa dei viser i Kræmmerholmen, men òg skriva at eg ikkje er einig i innhaldet i brevet deira, seier Walderhaug.
Han har forståing for at folk vil ha helgeope, men meiner kommunen ikkje kan leggja seg borti forretningsdrifta til Kræmmerholmen.
?Når ein gjev eit skjenkeløyve, er det begrensa kor mykje dei kan ha ope, men kommunen kan ikkje setja noko minimumsgrense. Det har med lønsemd å gjera, dei skal tross alt tena pengar på drifta, seier Walderhaug.
Walderhaug legg til at han synest brevet er urettferdig i forhold til Kræmmarholmen, som har skjøtta skjenkeløyvet til punkt og prikke. I 2008 er det klart for ny handsaming av skjenkeløyva, og først då meiner Walderhaug det kan verta aktuelt å vurdera overføringar av skjenkeløyve til andre.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




