Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Rebnord rydda opp for Radøy

Del | |
RADØY: Tre minuttar før full tid hentar Andre Rebnord ut ballen som gav Radøy/Manger 4-3 i seriestarten i 3. divisjon, som gjekk på kunstgras i Grønålen laurdag. Gjestane ligg strødd og fortvilar etter å ha leia 3-1 10 minutt tidlegare.
Publisert 23.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Korleis skal ein kommentera ein slik seriestart? Eg er i alle høve ekstremt glad for tre poeng i første kampen, sa ein tydeleg letta Terje Skjelvik etter tre mål dei siste ti minuttane mot Bergen Nord laurdag.
Radøy/Manger sin tilbakevendte trenar slo fast at ungdommeleg ståpåvilje gjorde mykje av utslaget.  
Men det såg beksvart ut for heimelaget ti minuttar før full tid på kunstgraset i Grønålen. Etter 1-1 ved pause skulle heimelaget berre utnytta ein sterk medvind til å sikra alle poenga.
Inntil pausen kunne publikum og lagleiing oppsummera ein nervøs og famlande start for eit Radøy/Manger-mannskap med mange unge og ferske fjes. Bergen Nord hadde tatt styringa og leia ikkje ufortent 1-0 alt etter ni minuttar. Eit framspel hadde nokså lettvint vorte vippa vidare og over målvakt Kristian Smith Hella.

Marøy sikker
Men etter kvart jobba heimelaget seg sakte, men sikkert inn i kampen. Eit av fleire friske angrep gav utlikning. Etter 25 minuttar viste Sindre Marøy tillitvekkjande målteft og skåra sikkert frå 12-13 meter. Heimelaget hadde også eit par tilbod til som kunne vore tatt betre vare på.
Etter sidebyte let det eller dei avgjerande måla for heimelaget venta på seg.
? Den sterke medvinden øydela mykje av spelet, men det var likt for begge lag, meinte Radøy sin trenar. Før start i 2. omgang kom Bergen Nord-trenar Stein Arve Lone, som trente nettopp Radøy for tre sesongar sidan, med dette kortet tipset til Strilen:
? ? Me tar alle tre poenga!
? Etter 80 minuttar såg det ut til at Lone skulle få rett. Fortvila Radøy-spelarar måtte to gonger gå til midtstreken å ha fått kontringsmål mot seg.
?
? Ungt pågangsmot
? ? Poenga og den siste delen av kampen vart det positive, oppsummerte trenar Terje Skjelvik vel 10 minuttar seinare. Han kunne gleda seg over at fleire av dei unge spelarane stod på og stressa gjestane. Det gav først 2-4 ved André Rebnord og raskt etter 3-3 ved Thomas Lunde. Tre minuttar før full tid sprang ein glisande Rebnord inn i målet og henta ut ballen som gav 4-3. Rundt han låg Bergen Nord-spelarar strødd. Dei måtte fortvila slå fast at det som såg ut til å vera tre sikre poeng, vart «tatt av vinden» og Radøy-spelarar som ikkje gav opp.
? Tre minuttar var ikkje nok til å berga det eine poenget.

? God motstandar
? ? For sjølvtilliten  er det alltid godt for eit lag med mange nye spelarar å vinna første seriekampen, slo Terje Skjelvik fast. Han meinte også å slå fast at Bergen Nord ikkje er nokon dumpekandidat.
? Frå sidelinja tyder mykje på at Radøy/Manger sine veteranar Geir Atle Osa og Jarle Sylta, begge 35, held mål også i år. Kombinasjonen Jarle Sylta/Sindre Marøy kan verta effektiv.
? Spennet i alder på årets Radøy-lag viser tydeleg på utskiftingane etter pause: Ein av dei som fekk sleppa til, var 18-årige Daniel Waage, på det nærmaste halvparten så gammal som Sylta og Osa. 20-åringen Morten Storheim var den yngste som stillte frå start.

Andre resultat:
Av andre resultat kan nemnast at Hordabø (5. divisjon) tapte 1-3 for Osterøy laurdag. Kampen gjekk før Radøy sin kamp i Grønålen.
Kvernbit i same avdeling tapte 0-4 for Eidsvåg på Fossemyra fredag kveld.
Til helga er det lokaloppgjer mellom Hordabø og Kvernbit.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt