Rebnord såg raudt
Endret 20.08.07 10:49
Rebnord utvist
På tampen av kampen vart og forsvarskjempa Andre Rebnord utvist. Han vart tydeleg hekta, tilsynelatande med vilje, av ein vossing. Då dommaren ikkje reagerte svara Rebnord med ein stygg takling av ein annan spelar bakfrå. Radøyspelaren fekk dermed raudt kort. Det var svakt av linjemannen og dommaren å ikkje reagera på den første hektinga, men slike hevnaksjonar er heller ikkje akseptable. Resultatet vert at Radøy må klara seg utan Rebnord ein kamp eller tre.
Dårleg utteljing
Ein kombinasjon av forsvarsfeil og dårleg utteljing framme, gjorde at resultatet vart som det vart fredag. Heimelaget kom bakpå alt frå start, men klarte å reisa seg utover i omgangen. Vossingane tok leiinga tidleg i omgangen og det kunne fort ha vorte fleire baklengs dei første 20 minuttane. Radøy hadde og eit par farlege sjansar i omgangen, men utan å få utteljing. I ein situasjon med rot og dårleg kommunikasjon i forsvaret, sette Andre Rebnord ballen i eige mål i det 37. minutt. 0 ? 2. Rett før pause var det igjen ukonsentrert bak hjå radværingane. Angrepet starta med feil og avventande forsvarsspel på høgresida. Ein vossing fekk gå lenge, ta med seg ballen inn i feltet og setja skotet kontrollert i mål. 0 - 3.
Brende straffe
I byrjinga av andre omgang satsa Radøy/Manger friskt, og fekk straffe i det 50. minutt då Daniel Waage vart felt. Ein ikkje særleg god straffe frå Terje Tangedal vart redda, og det oppstod ein del turmultar då vossingane meinte at Ronny Thomassen var for hissig på returen i duell med keeper. Det var deretter nokre merkelege situasjonar til i Radøy-forsvaret, mellom anna eit merkeleg tilbakespel som nesten førte til skåring. Radøy hadde også nokre sjansar, eit par av desse veldig store, men det meste gjekk over og utanfor på fredag. Eit flott innlegg frå Krister Smith klarte Raymond Kviste å beina over frå to meters hald, men han var veldig pressa av vossingane i den situasjonen. 0 - 4 målet kom etter nær 60 spelte minutt. Ein vossing fekk stå nokså åleine og sette skotet i nota. Etter tre kampar ligg radværingane tredje sist på tabellen med 0 poeng, det same som Arna Bjørnar og Ny-Krohnborg. Arna Bjørnar har spelt berre to kampar, og har høve til å passera radværingane på tabellen med poeng i neste kamp.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




