Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Redda bustaden frå flammane

Redda bustaden frå flammane

Del | |

Snarrådige naboar sytte for at Gro Hornes og familien ikkje mista huset sitt, då garasjen brann.

Publisert 23.08.11 12:23
Endret 23.08.11 12:23

– Fekk du sova i natt? spør Helene Johansen (til venstre).

– Ja, men det tok tid, svarar Gro Hornes.

Gro måtte evakuera seg og sine tre born, Lars (13), Frida (snart 16) og Kristine (18), bort frå bustaden i Håstølen søndag ettermiddag, då det oppstod brann i garasjen. Dei  frykta at bilen skulle eksplodera og at også bustaden skulle verta borte i flammane, men heltemodig innsats frå gode naboar redda bustaden.

Høyrde sonen ropa
– Eg stod inne og laga middag, då eg høyrde sonen min ropte «kom, kom!». Då eg kom ut, stod garasjedøra opa. Eg såg at det brann bak bilen, og at det brann for mykje til å gå inn og prøva å sløkkja, seier Gro Hornes.

I nabohuset feira familien Johansen 6-årsdagen til eldstejenta Malin.

– Me såg ut vindauget og såg at røyken velta ut av garasjen. Me forstod på mengda røyk at det var alvorleg, så me ringde til brannvesenet, seier Helene Johansen.

Ho bur rett over vegen og fekk instruksar frå brannvesenet om kva dei skulle gjera: få alle liv i sikkerheit og spyla på husveggen, slik at brannen ikkje fekk spreia seg.

Naboane var alt i gong
– Då eg kom ut, hadde mannen min, Eirik Johansen, og fleire andre alt begynt å spyla på husveggen, seier Helene.

Naboane kopla saman fleire hageslangar for å nå bort til husveggen.

Samtidig stod Gro i villreie utanfor huset.

– Eg stod utanfor garasjen då. Eg såg at sonen min sprang vekk i sjokk og ville springa etter han, men Helene kom og sa at me måtte få alle ut av huset, seier Gro.

Helene følgde Gro heim, fekk Kristine og Frida ut, og dei berga seg  bort via nabotomta.

– Me ville unngå å gå forbi garasjen, i tilfelle eksplosjon, seier Helene.
Brannvesenet kom på staden og fekk sløkt brannen. Gro og borna vart frakta til legevakta for helsesjekk, men alle slapp frå det utan skadar.

– Utruleg takksam
– Eg er utruleg takksam for at så mange hjelpte til. Då eg først såg dei kom løpande med hageslangane, tenkte eg «kva er det dei gjer? dei kan ikkje sløkkja brannen med hageslangar», men så forstod eg at dei såg huset stod i fare for å ta fyr, seier Gro.

Sjølv hadde ho berre tanke for å ta seg av borna.

– Det er godt med naboar som visste kva dei skulle gjera. Alle frykta at det skulle eksplodera, likevel trådde dei til. Eg har enno skrekkbileta over kor forferdeleg gale det kunne ha gått klart for meg, seier ho.

Mange tilbod om hjelp
Naboane sin innsats slutta ikkje med hageslangane. Like etter dei kom seg ut av huset, stod Frida i berre håndklede, for ho hadde komme rett frå dusjen. Nabo Renate Hugaas kom ut med klede til ho. Gro, som stod barbeint og i t-skjorte i regnvéret, kjende ingen kulde før ho kom på legevakta.

– Heldigvis var ingen skada av røyk eller på nokon anna vis, seier ho.

Då dei kom heim, hadde ein elektrikarnabo alt vore inne og fiksa sikringane, slik at dei kunne bruka straum i huset. Politiet og naboar hadde lufta ut, slik at det nesten ikkje var røyklukt i huset.

– Det har strøymt på med tilbod om å låna bil og anna hjelp.Det finst ikkje nei i nokon sin munn, seier Gro.

Mannen til Gro, John Arne Hornes, var på jobb i Oslo då brannen braut ut.

– Spesielt minstemann gler seg til far kjem heim i kveld.

Fantastisk støtte
Forutan garasjen, gjekk bilen, ein moped, slalomski og golfutstyret opp i røyk.

– I dag er eg trist, men eg er glad for at det gjekk som det gjorde. No er det berre det at borna mine er like heile som er det viktigaste. Det er godt å gjera praktiske ting, som å ordna med forsikringane, seier ho.

– Det er ei fantastisk støtte at folk bryr seg når slikt skjer. No skal me berre komma over sjokket og komma oss vidare.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt