Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Redda nabolaget frå brann

Del | |
MELAND: Hadde ikkje Kim André Hjertås (t.h) reagert så kjapt då han oppdaga brannen, kunne det gått skikkeleg ille på Holmeknappen fredag ettermiddag. Det var på haugen bak Idar Nestaas og Hjertås at det plutseleg var full fyr. 
Publisert 29.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Først såg eg berre litt røyk, men så fekk eg auga på flammane og endå meir røyk, seier syttenåringen, som akkurat kom ut av dusjen då han oppdaga at det brann på ein haug like nedom huset.
Det første han gjorde var å springa ned til onkelen, som er nærmaste nabo og akkurat hadde kome heim. Og medan somme sprang for å henta hageslangar, ringte kona hans etter hjelp og Kim André og nokre andre ungdomar begynte å sløkkja med kvistar.
? Akkurat då me hadde fått tak i nok koplingar til å koma nærmt nok brannen, kom brannvernet, seier onkel Idar Nestaas.
? Det eg først tenkte på, var alle dei gamle bygningane me har her, som Holmestova og Sveitserhuset, som berre ligg hundre meter frå der det brann. Men eg var også redd for budstadhusa som ligg ganske tett akkurat her, seier Kim André.
Kva som kunne skjedd om han ikkje var heime, eller om vinden for eksempel hadde vore kraftigare eller blåst ein annan veg, tør han ikkje tenkja på.
? Det var faktisk ei ganske ekkel oppleving sjølv om det ikkje var store flekken som brann, seier han.
Kva som har forårsaka brannen har verken han eller brannvernet peiling på, men det alle er glade for er at Kim André var heime.
? Hadde det tatt lenger tid før brannen hadde blitt oppdaga, kunne han fått eit heilt anna omfang, seier Nils Medaas i Lindås og Meland brannvern.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt