Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Reiselivslaget vert avvikla

Reiselivslaget vert avvikla

Del | |

Ikkje pengar til vidare drift.

Publisert 31.12.11 14:14
Endret 31.12.11 14:05

Nordhordland Reiselivslag vert sannsynlegvis avvikla i 2012, same år som laget fyller 25 år.
– Styret har sagt at det vert ei styrt avvikling av Nordhordland Reiselivslag. Om laget ikkje skal avviklast, må det skje noko heilt nytt, seier styreleiar Kristin Handeland.
– Det vert spennande å sjå kva eigarane seier om kva som skal skje vidare.
Fedje-ordføraren har kalla inn til styremøte 16. januar, og deretter ekstraordinært årsmøte 26. januar. Det ekstraordinære årsmøtet skal ta stilling til nedlegginga av laget.

Utmeldingar
Nedlegginga av reiselivslaget kjem etter at fleire kommunar har trekt seg som medlemmer. Radøy var eigentleg ute frå 1.1.2011, men var med eit år utover oppseiinga for å sjå kva som kom ut av omstillingsprosessen. No som det ikkje har lukkast å finna ei ny organisering av laget, er Radøy ute frå 1.1.2012, det same er Lindås kommune.
Meland er på oppseiing, og er ute frå 1.1.2013.
– Laget har no ikkje økonomi til å driva vidare, seier styreleiar Handeland.
Også 2011 har gått på sparebluss, mellom anna var det ikkje sommarvikar og open turistinformasjon i Knarvik denne sommaren. I staden var det ein sjølvbetjent stand i Knarvik senter.

Omorganisering
Då Handeland vart styreleiar i april 2009 var det alt starta ein prosess for å finna ei ny organisering av reiselivslaget. Dette har dei jobba med sidan, utan å finna noko anna løysing enn avvikling.
– Det har vore krevjande rundar, der me har sett på fleire alternativ for ei mogleg ny organisering. Dette er sjølvsagt litt meir tungvint når me ikkje kjem i mål.
Mellom anna vart det i 2011 jobba med å vri Mongstad næringshage over mot reiseliv, ved at aktørar innan reiselivet kjøpte aksjar i næringshagen frå dagens eigarar. Dette forsøket stranda.

Marknadsføring
I desse dagar vert det starta ein ny næringshage som skal jobba med utvikling av reiseliv, kultur og oppleving i regionen, Nordhordland Næringshage. Men som ein næringshage med støtte frå det statlege føretaket Siva, kan ikkje denne næringshagen driva direkte med marknadsføring.
– Reiselivslaget si største oppgåve har vore nettopp mark-nadsføring. Marknadsføring er viktig for regionen vår, og det er veldig trist om resultatet av dette vert at ingen skal driva med det, seier Kristin Handeland.
– Det er flott med satsinga som skjer med den nye næringshagen i Austrheim, men me hadde trengt marknadsføring også. Det er viktig å vera synleg.

Midlar utanfrå
Til no har det vore kommunane som har tatt størstedelen av rekninga til å driva reiselivslaget, medan dei private aktørane innan reiselivet har hatt lågare medlemskontigentar. Med dårleg kommuneøkonomi jamt over vil kommunane ut, og dermed ser det ut for å verta kroken på døra.
I andre regionar er medlemskontigentane høgare, både for kommunar og private bedrifter.
– Når folk ikkje ønskjer å vera med og betala, kan eg sjølvsagt tenkja mitt om det. Men dette er opp til den enkelte å bestemma, seier Kristin Handeland.
– Ein må også hugsa på at i dei 25 åra som reiselivslaget har eksistert, så har Nordhordland fått tilført mykje midlar frå andre. Mellom anna har fylkeskommunen vore ein stor bidragsytar til prosjekt der vårt reiselivslag har vore med.
Utan eit lokalt reiselivslag vert det vanskeleg å henta ut slike eksterne tilskot.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt