Rekk ikkje over heile jobben som skuleleiar
Endret 20.08.07 10:49
? Det er snakk om ei knallhard prioritering av kva eg skal gjera. Situasjonen med at ein ikkje rekk over alle oppgåvene, har eg orientert rådmannen om, seier Kvamme.
Kvamme er tilsett som einingsleiar for skulane Seim, Skodvin og Festo. Når han uttaler seg, presiserer han også at situasjonen ikkje er avklart: Det mannskapet den nye organiseringa føreset, ikkje er på plass så langt.
? Så vidt eg veit, arbeider rådmannen med ei avklaring, ei sak som kommunestyret etter det eg veit vert orientert om 15. mars.
? Seier seg sjølv
I slutten av januar avgjorde som kjent Fylkesmannen at organiseringa for Seim/Skodvin/Festo og Leiknes/Eikanger/Kløvheim/Myking var ulovleg.
Fylkesmannen krev at kvar av skulane må ha ein person med rektor-mynde.
? Inntil vidare har rektorane ved Festo og Seim skular fått forlenga sine mandat, og det fungerer greitt. Men eg kan ikkje vera både einingsleiar for tre skular og det som var kalla koordinator for Skodvin. Det seier seg sjølv, seier Kvamme, tidlegare rektor ved Skodvin skule.
Han seier også at når han har sagt ja til stilling som einingsleiar, er han innstillt på å gjera den jobben kommunen legg i dette.
Mykje uløyst
Undersøkinga Utdanningsforbundet har gjort, vart utført over to veker i januar. 10 skular sende inn svar. I praksis viser det seg, i følge undersøkinga, at einingsleiarkontora står ubemanna i lengre periodar. Det skuldast at det dukkar opp uføresett ting og møte.
«Oppgåver som tidlegare vart løyst i administrasjonen, siv ned til personalet», heiter det i oppsummeringa. Det kom inn om lag 50 hendingar der det hadde vore trong for at rektor var til stades, meiner forbundet dei har dekning for å slå fast.
Ein skule, ein rektor
Utdanningsforbundet viser til at Lindås til no ikkje har vore friteken for lovkravet om rektor på kvar skule. I brevet tek ein også for seg tolking av lovkravet om å halda seg «fortruleg med» den daglege drifta av skulane.
«Kan rektorane vera synlege i skulemiljøet når dei har langt mindre tid dei kan vera til stades ved dei einskilde skulane», spør utdanningsforbundet.
Forbundet deler ikkje Fylkesmannen sitt ja til felles rektorar ved barne- og ungdomsskulane i Knarvik, på Lindås og Ostereidet. Både der og ved alle småskulane vil forbundet ha ein rektor slik det var før.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




