Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Rekord-bidrag frå Mongstad

Del | |
Statoil Mongstad går så det susar. Dei kring 600 tilsette bidrog med eit overskot på kring to milliardar av konsernet sitt resultat på 31 milliardar i 2005.
Publisert 13.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Høg oljepris løfta Statoil-konsernet sitt overskot med seks milliardar i høve til 2004.

Direktør Helge Lund seier seg naturleg nok nøgd med rekord-overskotet. I ei pressemelding viser selskapet til god kostnadskontroll i tillegg til høg produksjon og høge prisar på både olje og gass.

? 2005 var prega av stor ettersurnad og dermed gode marginar på våre produkt. Me fekk godt betalt for alle typar drivstoff, seier informasjonsleiar Kåre Ness ved Statoil Mongstad.

? Kan Statoil Mongstad visa til betre resultat nokon gong?

? Nei, eg kan berre stadfesta at resultatet for 2005 er det beste me har oppnådd.

Ness synest det er på sin plass med ros til dei som styrer anlegget. Teknisk har det vore så godt som ingen problem i året som gjekk. Fleire av anlegga har sett rekord i regularitet. Anlegga har utnytta kapasiteten på 10 millionar tonn bortimot 100 prosent.

? At me har kunna køyra anlegga slik me ønskjer, er grunnlaget for eit godt resultat, påpeikar Ness.

Statoil Mongstad kan sjølv berre visa til resultatat for heile konsernet. Men ut frå det Strilen har grunn til å tru, er det lokale bidraget på rundt to milliardar kroner. Det tilsvarar eit overskot på kring 5,4 millionar kroner per dag.

Likevel er ikkje alt rosenraudt for selskapet. Dagens Næringsliv peikar på at høge oljeprisar også skaper problem. Grunnen er produksjonsavtalar utanlands som sikrar vertslanda ein stor del av gevinsten.Ved høg oljepris sit Statoil nemleg att med ein lågare del av produksjonen.

I 2006 misser selskapet 25.000 fat olje per dag med dagens oljepris. Det gjer at selskapet tek utgangspunkt i ein dagsproduksjon på 1,2 millionar fat per dag i 2006. Dette er lågare enn mange analytikarar hadde venta, skriv Dagens Næringsliv.

? Kva variablar som måtte koma, er vanskeleg å sjå i forkant. Men utgangspunktet for oss på Mongstad er å utnytta kapasiteten maksimalt ut frå etterspurnaden. Så langt har 2006 starta med litt lågare marginar enn i fjor. Me me får framleis godt betalt for dei drivstoffa me produserer, seier Kåre Ness.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt