Rekordår for Statoil Mongstad
Endret 20.08.07 10:49
Også konsernsjef Helge Lund påpeikar raffineriverksemda sitt positive bidrag til Statoil sitt resultat i tredje kvartal.
? I tredje kvartal har Mongstad-raffineriet hatt ein regularitet på 99,6 prosent og marginane har vore gode. Mongstad framstår i dag som eitt av våre viktigaste industrianlegg, uttalar konsernsjefen i ei melding.
Gode marginar
Det er altså kombinasjonen av gode marginar og stabil drift på raffineriet som gjev dei positive økonomiske resultata. Ness seier at regulariteten på Mongstad-raffineriet er svært god samanlikna med konkurrentane. Dette skuldast at anlegget er i god stand og innsatsen frå dei tilsette. Men trass i dei gode resultata vil prosessen med å redusera bemanninga på Statoil Mongstad halda fram. I dag er det om lag 600 Statoil-tilsette på Mongstad, og målet er ytterlegare nedbemanning med 20 til 30 årsverk, fortel Kåre Ness.
Dette vil skje gjennom naturleg avgang og ved at folk får arbeid i andre delar av konsernet.
Opprusting etter brannen
Statoil er no ferdige med oppryddinga etter brannen i fjor haust. Dei tapte vel 100 millionar kroner på uhellet. Ness seier likevel at det kom noko positivt ut av dette, då den delen som vart utsett for brann no har fått ei skikkeleg opprusting. Han gjev ros til dei som har gjort denne jobben; Dalseide & Fløysand Group i samarbeid med Statoil sine tilsette.
? Utfordringa var at gjenoppbygginga har skjedd ved eit anlegg som var i full drift. Temperaturen var og høg. Jobben vart likevel løyst på ein fin måte, seier han.
Ny fjellhall
Statoil er også i gang med ein ny fjellhall for nafta. Jobben starta for eit par månader sidan og skal vera ferdig i løpet av neste sommar. Dette er eit prosjekt til vel 100 millionar kroner.
? Når hallen er ferdig vil det styrkja Statoil sine høve for lagring av nafta og dermed posisjonen i denne marknaden, fortel Ness.
Nafta vert blant anna brukt i petrokjemisk industri. Den nye hallen får same breidde og høgde som dei andre fjellhallane, men vert litt kortare.
Planlegg kraftverk
Elles er det mykje fokus på det planlagde kraftvarmetverket. Det er assisterande prosjektleiar, Randi Gundersen frå Lindås, som nyleg har fått hovudansvaret for dette prosjektet. Statoil har sendt konsesjonssøknad for dette anlegget for nokre månader sidan, men det vert framleis arbeidd med å betra økonomien i kraftverket, fortel Ness. Han seier vidare at lønsemda i prosjektet er heilt på grensa, slik at det vil vera viktig å gjera forbetringar i planane.
? Sjølv om Statoil skulle få konsesjon, vert ikkje anlegget bygt utan at det er lønsamt, seier han.
Dersom kraftverket vert bygt vil det gje arbeid til om lag 15 personar i driftsfasen.
CO2-handtering
Nyleg var det folk frå Noregs Naturvernforbund på synfaring på Mongstad. Dei meiner det er bortkasta for Statoil å planleggja gasskraftverk utan CO2-handtering, då den nye regjeringa ikkje vil godkjenna eit kraftverk utan slik handtering.
? Statoil har sagt at dersom det vert kravd CO2-handtering for dette anlegget, kjem ein til å leggja prosjektet dødt. Årsaka er at CO2-handteringa åleine kjem til å kosta like mykje som kraftverket, seier Ness.
Han meiner likevel at situasjonen kan endra seg dersom
regjeringa vil delta i finansieringa. Det vil vera positivt dersom Statoil
Mongstad kan få det første CO2-fire kraftverket i landet. Men førebels er det
veldig uklart kva den nye regjeringa vil bidra med på dette området, seier
informasjonsleiaren. Han legg til at kraftvarmeverket uansett vil verta førebudd for framtidig CO2-handtering.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




