Rekordmange med læreplass
Endret 20.08.07 10:49
Ho er godt nøgd med å ha sin eigen kontorplass ved Opplæringskontoret og i Meland kommune. Etter oppstart 21. august ser ho fram til to års kombinert læretid mellom kommunen og Opplæringskontoret. Før det har ho to år bak seg ved Knarvik vidaregåande, på sal og service.
«Greitt» lønnsnivå
? Så langt likar eg meg godt, og eg føler meg sikker på at det er dette yrket eg vil satsa på. Eg er i alle høve dum dersom eg sluttar av når det berre er eit halvår att av læretida! seier Anette.
? Har du sjekka lønnsnivået?
? Ja!
? Og synest du det er til å «leva med»?
? Kontorarbeid er vel ikkje så veldig lukrativt, men eg synest det verkar greitt.
På sosialkontoret i Meland har Anette så langt jobba med arkivering og tatt telefonar. På Opplæringskontoret har ho fått hovudansvaret for post, både arkivering og journalføring. Ho har og sett litt på rekneskap og vore med på å handla rekvisita.
Rekordmange
Og arbeidsmengda ved Opplæringskontoret tilseier at både Anette og dagleg leiar Lillian Vabø Mongstad får det travelt.
? No i haust har me fått oppretta 26 nye læreplassar, fleire enn på mange år. Me må heilt tilbake til 1997-98 for å finna tilsvarande tal, seier Vabø Mongstad.
For snart ti år sidan var det mange kommunar som tok inn lærlingar. Så har dei vorte slappare og skulda på dårleg økonomi.
? No er kommunane på veg tilbake. Eg håpar det har litt å gjera med ein runde eg hadde i kommunestyra. Men ein grunn er nok at kommunane har fått romslegare økonomi, seier Vabø Mongstad.
Haustens nye læreplassar er innan eit svært variert utval av fag: Kontor, barne- og ungdomsarbeidar, elektrikar, tømrar, bilfag, kjemiprosess, maskinarbeidar, omsorgsarbeidar, institusjonskokk, IKT, bilskade, butikk og anleggsmaskinarbeidar.
Med dei som er i gang frå før, har Opplæringskontoret no ansvaret for kring 60 læreplassar. Og med dei mange nye i haust, er talet på veg oppover.
? Innan nokre få fag, som anleggsfag og tømrar, klarer me ikkje å skaffa nok lærlingar. Elles er det få i Nordhordland me ikkje har klart å skaffa læreplass, seier Lillian Vabø Mongstad.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




