Reven tek for seg av lamma
I fjor mista enkelte bønder 30-35 lam kvar på grunn av rev. No bed Lindås og Meland sau og geit om pengar til å leiga inn jeger.
Endret 26.01.12 10:45
Reven er i ferd med å verta eit stort problem for ein del bønder i distriktet vårt.
– Tidlegare har me ikkje hatt noko stort problem med rev i våre område. På grunn av reveskabb har ikkje revebestanden vore så stor. Det har regulert seg sjølv, men dei siste åra har me merka ein auke i revebestanden, og reven har begynt å ta for seg av saueflokkane, seier leiar i Lindås og Meland sau og geit, Anders Konglevoll.
Ved årsskiftet sendte han brev til Lindås- og Meland kommune for å be om støtte til å leiga inn ein jeger som kan jakta rev.
Får ikkje erstatning
– Sjølv mista eg 30 lam i fjor, og det er andre som har mista opp til 35. Sauebønder her hjå oss får ikkje rovdyrerstaning for dyr som reven drep. For min eigen del utgjorde tap av 30 dyr om lag ein månads inntekt. Det er heller ikkje noko triveleg å finna dyra sine ihelrivne på beite. Du mister nattesøvnen av å tenkja på reven som går der ute å luskar på dyra dine, seier han.
Finn lam utan hovud
Konglevoll fortel at bønder har sett syndaren i aksjon med eigne auge.
– Og når du finn daude dyr på beite med avrive hovud treng du ikkje mykje fantasi for å forstå at dei ikkje har døydd av seg sjølv. Me har også funne att øyremerke og restar av dyra i og rundt revehi, så me er heilt sikre på at det er rev som er på ferde, får Strilen vita.
Må jakta om vinteren
Raudreven er freda om våren.
– Skal du jakta rev må du gjera det tidleg på året. Det beste er å ta den når det er snø og du kan følgja han på spora, seier Konglevoll.
Han veit at det i fjor blant anna vart skote rev på Hundvin, på Eidsnes og på Natås.
– Dette er rev som har vore eit stort problem for lokale bønder, men å jakta rev er ikkje noko som kven som helst gjev seg i kast med. Til no har nokre bønder leigd inn jeger på eige initiativ, men det er ikkje alltid så lett for den enkelte å gå i gang med. Difor ønskjer me no å laga eit andelslag i laget vårt der medlemmane våre kan betala inn 1000 kr kvar. Får me i tillegg støtte frå kommunar og næringsliv, vil me ha eit grunnlag for å leiga inn ein profesjonell jeger som kan jakta der det måtte vera brukt for det, seier Konglevoll.
I eit brev til kommunen skriv laget at dei har som mål å få til ein pott på minimum 50.000 kroner til føremålet.
– Det er ikkje så lenge sidan me tok kontakt med kommunane for å be om stønad. Me har ikkje fått noko svar enno, men me håpar at dei klarar å finna litt pengar til oss, for dette er viktig sak for bønder som vert ramma, seier Konglevoll.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





