Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ripa opp Eivindvik-kross

Del | |
GULEN: Ein over 1000 år gamal steinkross i Eivindvik er ripa opp. 
Publisert 22.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Politiet ser på dette som eit grovt skadeverk, og går no ut til publikum og ber om tips.
Steinkrossen er sannsynlegvis reist på slutten av vikingtida eller tidleg i middelalderen. Det vart på denne tida drive eit aktiv kristningsarbeid i Noreg, og enkelte meiner at det kan vera Håkon den Gode som har reist krossen i Eivindvik, i samband med Gulatinget.
I kring tusen år har krossen fått stå i fred, og det største trugsmålet var inntil nyleg lavvekst på krossen. For å hindra ytterlegare vekst av lav vart krossen i oktober pakka inn i plast, men berre eit par månader  gjekk før nokon reiv av denne plasten.
Politiet ser det som sannsynleg at ripene i krossen har kome i samband med at plasten vart riven av, til dømes ved at noko har nytta ein skarp gjenstand for å skjera av plasten.
? Politiet har grunn til å tru at skadeverket har funne stad i løpet av den andre helga i desember, fredag 8. til søndag 10. desember, opplyser politibetjent i Gulen Paul Henriksen.
Henriksen ber no dei som må ha opplysningar i saka om å ta kontakt med politiet i Gulen.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt