Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Robin Hood lengtar heim att til Frekhaug

Del | |
MELAND: Robin Hood Torstensen (27) er å høyra på Kanal 24, og har tidlegare vore programleiar i «Sonen» på TV2. No bur han i Oslo, men lengtar heim til Frekhaug.
Publisert 26.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Robin Torstensen var namnet heilt til i fjor. Då fekk Robin i tillegg registrert Hood som mellomnamn, og er truleg den einaste i Noreg med denne namnekombinasjonen.
? Kvifor akkurat Robin Hood?
? Som liten vart eg alltid berre kalla for Robin Hood. Så då tenkte eg kvifor ikkje, og fekk Hood som mellomnamn. Det er ikkje meir innvikla enn det, forklarar Robin. No har han eige program på Kanal 24, som heiter Robin Hood. Det har sendetid kvar natt til laurdag, frå midnatt og fire timar ut i natta. Før han byrja i Kanal 24, jobba han som vert i «Sonen» på TV2. Det er eit såkalla interaktivt chatteprogram, der Robin også hadde natta som arbeidstid. Der byrja han i 2002. Etter to og eit halvt år var det ting han ikkje var heilt nøgd med, og han var lei av å berre jobba natt. Då byrja han i Kanal 24, som er kjøpt opp av TV2.

Kåra som Noregs mest sexy vert
Då Robin Hood jobba i Sonen på TV2, vart det ei helg halde kåring av den mest attraktive og sexy programleiaren. Sjåarane kåra Robin til førsteplassen. På nettet har han også fått eigen fanklubb.
? Det med den kåringa tek eg ikkje så seriøst. Med eit tonn sparkel i trynet kan jo kven som helst sjå attraktiv ut på tv-skjermen, ler Robin.
? Fanklubben har eg høyrt om, men eg veit ikkje heilt kven som har starta den, seier han.

Lengtar til Frekhaug
Robin vaks opp på Frekhaug i Meland, men bur no i Oslo på grunn av jobben.
? Kanal 24 held til i Fredrikstad, så eg pendlar mellom Oslo og Fredrikstad kvar dag. Eigentleg hadde eg tenkt å flytta til Fredrikstad for å få kortare veg. Men no er det snakk om at TV2, som har kjøpt opp Kanal 24, skal flytta hovudkontoret til Bergen. Det håpar eg verkeleg, for då vert eg med på flyttelasset, og slår meg ned på Frekhaug. Det er noko spesielt med den plassen eg vaks opp, det er liksom der eg har sjela mi. Eg held meg oppdatert på kva som skjer der heime, og reiser på besøk i alle fall tre-fire gonger i halvåret, seier han med lengt i stemma.  

Flaut å vera på TV
Elles er Robin Hood glad for å jobba i radio i staden for på tv-skjermen.
? Eg byrja å jobba med radio alt då eg var 11 år, etter at eg flytta frå Frekhaug. Då var eg med i lokalradioen i Drammen, på eit barneprogram. Etter det fekk eg eigne program i Kanal blå, som eg heldt på med fram til eg var 16. Eg har inga utdanning innan media, eg har ikkje ein gong fullført vidaregåande. Eg byrja på resepsjonsfag av ein eller annan grunn, men fann fort ut at det ikkje var noko for meg. I staden byrja eg med radio for fullt. Då eg byrja i tv, tykte eg det var litt flaut fordi folk kjende meg att på gata. Det er mykje betre å jobba i radio, då er ein meir anonym. Ein kan sei mykje meir, og gje av seg sjølv. Radio er ein livsstil, det er ikkje berre ein jobb. Så kan eg gå ut å kjøpa meg ei pølse utan at nokon kjenner meg att, ler Robin i telefonen.

Vaken om natta
Robin Hood ser ikkje på det som eit problem å jobba om natta. No har han berre sending ei natt i veka, elles har han full stilling som teknisk assistent i Kanal 24. I framtida vil han kanskje verta å høyra endå meir på lufta.
? Eg tykkjer det er heilt greitt å jobba om natta, då er eg meir vaken. Eg berre endrar litt på timane i døgeret. Det har ikkje satt nokon stoppar for det sosiale livet heller, forklarar Hood.
? På nattsendingane ynskjer eg å treffa dei som ikkje har så mange alternativ. Anten dei er på jobb, eller sit heime og er einsame, så har dei ein ven med seg på øyret, seier Robin. Han ynskjer å fortsetja i Kanal 24, og skryter av eit godt miljø der.
? No håper eg berre dei flyttar til Bergen snart. Då flyttar eg til Frekhaug, avsluttar Robin Hood. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt