Romfartsjente frå Alversund
Endret 20.08.07 10:49
8. klassingen er dagleg inne på nettet og les om dei siste hendingane i den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa sitt program. Og så sant ho kan, skriv ho om romfart i oppgåvene på skulen.
? Slik plukkar eg opp mykje engelsk også, seier ho.
Så når familien denne sommaren legg ferien til Orlando i USA, er romfartssenteret på Cape Canaveral eit sjølvsagt mål.
Oppskyting
Opphavleg skulle Nasa ha sendt opp ei romferje tidlegare i år, men den oppskytinga vart utsett på grunn av dårleg ver.
? No ser det ut for at det vert minst to oppskytingar av romferjer før nyttår, kanskje tre.
Men på grunn av utsettinga vert det ikkje romferjeoppskyting medan Miljeteig er i USA. I staden skal det ei ferje opp 8. juni, det er STS-117 «Atlantis». Men Alversund-jenta kan få med seg oppskytinga av raketten «Dawn», som etter planen skal skytast opp 30. juni. Raketten skal sjå nærare på protoplanetane Vesta og Ceres.
? «Dawn» skal ta bilete og senda tilbake til jorda, seier Miljeteig.
Faktisk vert ho på sett og vis med opp saman med «Dawn» på raketten si reise opp til protoplanetane. Therese er nemleg ein av mange som har sendt namnet sitt til NASA, som så har samla alle innsendte namn på ei lita mikrobrikken montert i «Dawn».
Gjerne romturist
Den store draumen er eigentleg ikkje å verta astronaut, sjølv om ho er veldig interessert i romfart. No er planen å studera jus, når den tid kjem. Men ein tur i rommet hadde Miljeteig ikkje sagt nei til.
? Hadde eg hatt 25 millionar dollar så skulle eg gjerne ha reist. Men budsjettet mitt heldt berre til ein pakketur til Danmark, seier ho med eit smil.
Det er den russiske romfartsorganisasjonen som ved fleire tilfelle har teke med seg «romturistar», folk som har betalt klekkelig for å få vera med opp i rommet.
Studerer månen
Eit skikkeleg teleskop har dei også i huset, slik at månen kan studerast.
? Det er fascinerande sjå på månen, og tenkja på at folk gjekk der oppe i 1969.
Men teleskopet er ikkje bruk på denne tida av året. Skal Miljeteig sjå på månen, må det vera vinter.
? Det må vera mørkare ute enn det er no, seier Therese Miljeteig.
Fakta:
Om du vil læra meir om romfart kan du lesa på nettsidene til Norsk Astronautisk Forening (NAF): www.romfart.no, eller på nettsidene til Nasa: www.nasa.gov.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




