Ropar varsku om omstilling
Børge Brundtland i Industriutvikling Vest etterlyser vilje til omstilling i det lokale næringslivet.
Endret 14.02.12 10:03
– Det er først når ein godtek at det er naudsynt med omstilling, at nyskaping kan skje, seier Brundtland, som er dagleg leiar i industriinkubatoren på Mongstad, Industriutvikling Vest.
Inkubatoren vart etablert i 2011, og får støtte frå Staten gjennom Siva.
Ambisjonen og oppgåva er å vera med på å skapa nye verksemder og dermed nye arbeidsplassar i regionen.
– Det har vore gjort mykje bra næringsarbeid i Nordhordland, og det gjer kanskje at ein i dag kviler seg litt, seier Brundtland, som jobbar for å få fram nye idear innan næringslivet.
– Dersom me alle er samde om å definera Nordhordland som ein omstillingsregion, heller å ikkje engasjera seg i problemstillinga, vil det garantert gje eit løft for regionen.
Etterlyser reaksjon
Brundtland viser til fleire ting som alle ser ut til å vera uheldige for Nordhordland.
Regionen som heilskap, og kommunane kvar for seg, kjem dårleg ut i NHO si kåring av kva delar av landet som er best på næringsutvikling (sjå faktaboks).
Og i Næringsbarometeret som vart presentert førre veke, viser det seg at lokale verksemder er pessimistar til framtida.
– Det tredje er signalet frå Statoil Mongstad om at dei vil redusera innkjøp frå underleverandørar, for å klara sine kostnadskutt.
Brundtland viser til det Statoil Mongstad-sjef Lars Rosenløv formidla til Lindås formannskap i januar.
«– Me må nok stoppa 150-200 arbeidsplassar for å få kontroll med kostnadene.
Internt i Statoil vert det naturleg avgang eller intern flytting oppover i organisasjonen, så det er nok leverandørane som må lida i første omgang», uttalte Rosenløv på møtet i januar, noko som vart referert i Strilen.
– Hadde eit slikt kutt i arbeidsplassar vorte signalisert for ei storbedrift i til dømes Årdal eller Høyanger, ville det skapt stor merksemd.
Men sjølv om desse kutta vil verta spreidde på fleire underlevandørar her hjå oss, er det likevel store tal.
Eg er forundra over at dette utsagnet ikkje har vakt oppsikt i regionen.
Kvilepute?
– Samla sett er det fleire tendensar som viser at næringslivet i Nordhordland ikkje har den utviklinga ein kunne ønskja.
Det er klart at ulike undersøkingar har ulike føresetnader, men når fleire forhold peikar i negativ lei, er det grunn til å spørja om den gode utviklinga på Mongstad har vorte ei kvilepute for næringslivet, seier Brundtland.
Innovasjon Norge melder om merkbart færre søknader frå Nordhordland samanlikna med andre deler av landet, noko som igjen kan vera ein indikasjon på at strilane ikkje vil satsa på nye ting.
– Det har vore gjort mykje bra arbeid innan næringsutvikling, men ein kan ikkje kvila på dette.
No er andre regionar i landet meir svoltne enn Nordhordland, og gjer det betre enn her.
Konkrete tiltak
I dei næringsplanane som eksisterer, vert betre vegar etterlyst av fleire.
Det er ikkje eit mål Brundtland er usamd i, men han etterlyser tiltak som er meir konkrete enn vegar som kan komma om ti år eller meir.
– Store målsettingar innan samferdsel kan ein sjeldan nå innan kort tid.
Men kva kan ein gjera no? Det trengs mål som er tydelege og konkrete, og som kan gjennomførast innanfor ein kort tidshorisont.
Som eit døme trur eg at ei auka vasstilføring til Mongstad er mykje viktigare for næringsutviklinga der, enn opninga av Nyborgtunnelen, seier Børge Brundtland.
Han viser til andre regionar får til næringsutvikling, sjølv om dei har både dårlege vegar og ferjer som må forserast for å komma fram.
– Ein kan ikkje berre venta på betre vegar, og tru at det skal løysa alt.
Nøkkelen er å i større grad fokusera på dei tiltak som ein sjølv kan påverka og gjennomføra, heller enn dei tiltak der ein er avhengig av mange andre aktørar.
----------------
FAKTA
Regionen Nordhordland og kommunar her kjem dårleg ut i Nærings-NM, NHOs kåring av kva regionar og kommunar som er best på å driva næringsutvikling. Dette er Nærings-NM for 2011, som var klart heilt på tampen av fjoråret.
Topp tre kommunar, og
kommunane i Nordhordland (pluss Gulen):
Plass: Kommune: Snittplassering siste fem år:
1 Ullensaker 2
2 Sandnes 4
3 Sola 1
…
82 Gulen 48
101 Modalen 60
131 Lindås 28
197 Austrheim 85
209 Meland 177
367 Radøy 302
403 Fedje 405
430 Masfjorden 420
Topp tre regionar, og Nordhordland:
Plass Region Siste fem år
1 Stavangerregionen 1
2 Trondheimsregionen 3
3 Ålesundregionen 15
...
68 Nordhordland 44
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




