Røykdykkarutstyret ingen får bruka
Endret 20.08.07 10:49
Tre brannfolk møtte
Talle har ferie for tida, men fekk vita om brannen fredag då han var heimom ein tur og fekk telefon frå ein kollega i Lindås brannvern. Han kasta seg i bilen og tok seg fram til tunnelen, og der møtte også ein annan brannmann opp, Ivar Kvamme. Talle reknar med at dei var der ein halvtime etter at brannen starta.
? Eg visste då berre at det var ein bil som hadde teke fyr i tunnelen. Eg køyrde innover i tunnelen frå Matre-sida, og det såg lenge greitt ut. Men etter kvart tjukna det til med røyk, og eg snudde. Eg melde då i frå til sentralen i Bergen, og fekk samstundes vita at det sat ein mann i ein trailer lenger oppe. Eg snudde bilen igjen og prøvde å ta meg fram til han, seier Talle.
Redda trailersjåfør
Talle visste ingen ting om trailersjåføren var ved medivit, men visste det kan handla om sekund mellom liv og død i slike situasjonar. Då han kom fram til traileren, tok sjåføren seg ut ved eiga hand, og vart med Talle ut av tunnelen i bilen hans. Deretter var det lite brannmannskapa frå Matre kunne gjera, utan å melda frå til Lindås og Meland Brannvern om at dei hadde ein brannbil i beredskap på Matre-sida.
Det var røykdykkarar frå Lindås og Meland brannvern som fekk den utbrende bilen ut av tunnelen.
? Var du redd?
? Direkte redd var eg kanskje ikkje, men det var ikkje noko triveleg. Litt redd skal ein vera i ein slik situasjon. Ein veit jo til dømes aldri om røyken er giftig og om ein kan mista medvitet, seier Talle.
Betre før
Talle vil ikkje koma med forslag til kva som må forbetrast i brannvernet i Masfjorden, men seier det fungerte mykje betre før då BKK hadde ansvaret.
? På den tida var det både røykdykkarar og brannfolk som alltid kunne møta opp, seier han.
Dersom Talle ikkje hadde klart å ta seg inn utan røykdykkarutstyr, hadde han henta det som låg på Matre brannstasjon.
? Når det handlar om liv og helse, hadde ikkje eg stussa på det. Då fekk eg heller ta kjeften i etterkant, seier han.
Trafikklysa ved tunnelmunningane lyste raudt, fortel Talle, som fekk inntrykk av at dette fungerte. Men han seier at det ikkje er alltid at lysa vert respekterte. Heldigvis såg dette ut til å fungera fredag, og det var altså berre to bilar som vart ståande inne i tunnelen ? den som brann og traileren.
Fungerte ikkje
? Det var elles ei lukke at brannen ikkje starta i samband med at det kom bilar frå ferja i Oppedal. Då kan det ofte vera ein samanhengande kø gjennom heile tunnelen, seier Talle.
Politiførstebetjent Bernhard Krokås ved Masfjorden lensmannskontor hadde fri, men høyrde om brannen på det opne sambandet. Han køyrde så avgarde og tok med seg kona Sissel, som også er tilknytt brannvernet på Hosteland. Det var altså totalt tre brannfolk frå Masfjorden på brannstaden. Krokås hadde kontakt med lensmannen i Solund, som hadde vakt, og reknar med at dei to kom samstundes til kvar sin ende av tunnelen. Krokås køyrde rundt og meiner han var med utgangen ved Storavatnet ein halvtimes tid etter at politiet fekk meldinga klokka 18.05.
? Det heile gjekk elles veldig greitt, bortsett frå at verken politisambandet eller mobiltelefon fungerte då eg kom fram til tunnelen. Eg mista difor kontakten med redningsmannskapa på andre sida. Men eg hadde på førehand fått opplysningar om at dei to i bilen som brann hadde kome seg ut, og at det sat ein mann i ein trailer inne i tunnelen, fortel Krokås.
Årsaka til at politiradioen ikkje fungerte ved tunnelmunningen, veit han ikkje. Men han trur at mobiltelefonsambandet vart sprengt på grunn av at alle dei som sat og venta i bilane ringte og sende meldingar.
Kom frå nord
Det var så mykje røyk på den øvste delen av tunnelen at det ikkje var mogleg å ta seg inn den vegen, fortel Krokås. Bilen som brann kom frå nord, og stod rundt 100 meter frå utgangen ved Storavatnet, meiner han. Traileren kom også frå nord, og må ha stått rundt 100 meter lenger nede i tunnelen.
? Når det brenn i ein tunnel, er det ikkje noko automatikk i at røyken stig oppover. Dette kan skuldast undertrykk eller viftene, seier Krokås.
Krokås konsentrerte seg om trafikken.
Det vart lang køar på begge sider etter brannen. Krokås seier at han ikkje kjenner til kva det var som gjorde at bilen tok fyr, men at dette vert undersøkt.
? Me oppfyller krava
til brannberedskap
MASFJORDEN: ? Masfjorden oppfyller krava til brannberedskap som vert stilt til kommunar på vår storleik, seier rådmann Lovisa Midtbø. Kommunen har fått kritikk etter brannen i Masfjordtunnelen førre fredag. Det viste seg at dei aller fleste brannfolka var opptekne med sauesanking denne dagen, og ikkje kunne rykka ut. Ein trailersjåfør vart sitjande å venta på hjelp inne i tunnelen i lang tid. Men ingen vart skadde.
36 brannfolk
Brannvernet i Masfjorden har inga døgnkontinuerleg vaktordning. Det er dei heller ikkje pålagt, seier Lovisa Midtbø.
? Me har rundt 36 brannmenn som har ein liten deltidsstilling i kommunen på 0,76 prosent. I tillegg får dei betalt når det er utrykking eller øvingar, seier rådmannen.
Dei aller fleste av brannfolka arbeider andre stader i Masfjorden eller utanfor kommunen. Men på grunn av manglande vaktordning, er det litt tilfeldig kor mange av desse som er tilgjengeleg når alarmen går. Midtbø seier at brannen førre fredag starta på det verst tenkelege tidspunktet, sidan så mange var opptekne med sauesanking.
Mest trafikkulukker
Masfjorden var alt før brannen i gang med å vurdera brannberedskapen i kommunen. Det arbeidet vert ikkje mindre aktuelt no etter det som skjedde, seier Midtbø.
? Brannberedskapen er dimensjonert etter dei reglane som gjeld og etter ei vurdering av behovet til Masfjorden kommune, seier Midtbø.
Når det gjeld E39 og tunnelane meiner ho det er ei litt anna sak. Det har vore store nasjonale utgreiingar om sikringa i tunnelane, og den har til dels vorte slakta. Midtbø meiner difor at her må Statens vegvesen også ta eit større ansvar.
? Arbeidsoppgåvene til brannvernet har vore i endring. I dag handlar dei aller fleste oppdraga om utrykking til trafikkulukker, seier rådmannen.
E39 ein risiko
E39 og tunnelane har vore vurdert som ein av to store risikofaktorar når det gjeld brannvernet i Masfjorden. Den andre store risikofaktoren har vore den gamle sjukeheimen, men den risikoen har vorte mindre etter at den nye sjukeheimen kom i drift, meiner Midtbø. Den har mellom anna sprinkleranlegg og direkte varslingssystem og alarmar.
? Men alarmar hjelper jo lite dersom det ikkje er folk til å rykkja ut?
? Kommunane i regionen har eit samarbeid rundt brannvernet, og me drøftar stadig korleis dette kan gjerast betre. Dette samarbeidet viste seg å fungera under tunnelbrannen, då Lindås rykte ut, seier rådmannen.
Ho seier dette ikkje er noko enkel utfordring. Det er snakk om å oppfylla krav, lovlegheit og pålegg ? og i tillegg skal kommunen gjera eigne vurderingar av kva som må vera nivået på brannberedskapen. På den andre sida må oppgåva løysast innanfor dei økonomiske rammene ein har, og kva kompetanse ein har tilgjengeleg, fortel Midtbø.
Skal vera ein beredskapsplan
? Alle tunnelar skal ha ein beredskapsplan i tilfelle brann, seier Finn H. Amundsen, seksjonsleiar i Statens vegvesen ? Vegdirektoratet.
I arbeidet med beredskapsplanen skal det lokale brannvernet, politiet og dei som har ansvaret for helsetenesta vera med.
? Vegvesenet sin jobb er elles å utstyra tunnelen med dei varslingssystem og utstyr som regelverket krev. Deretter skal det lokale brannvernet gjennomføra branntilsyn, og så koma med ytterlegare krav dersom dei har det. Tunnelar skal på denne måten godkjennast som andre byggverk, seier Amundsen.
Når de gjeld den generelle branntryggleiken i tunnelar i landet, er dette noko vegvesenet arbeider med i saman med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSF.
Politiførstebetjent Bernhard Krokås ved Masfjorden lensmannskontor stadfestar at det finst ein beredskapsplan for brann i tunnelar i kommunen, men at det er sjeldan denne typen planar vert studerte. Han finn likevel raskt fram mappa då Strilen ringjer han. Men under brannen fredag hadde han fri, og rykte ut direkte heimanfrå.
? Det er eit kommunalt ansvar å ha eit brannvern. Dette skal dimensjonerast ut frå ein risikoanalyse i området, seier avdelingsdirektør Terje Olav Austerheim i DSF.
Dersom det er spesielt sårbare brannobjekt i ein kommune, som til dømes ein lang tunnel, skal det vera beredskapsplanar og ein skal gjennomføra brannøvingar i samarbeid med den som eig anlegga, seier Austerheim.
Han seier elles at dette med tunnelar er ei utfordring. Mykje av beredskapen er knytt til sjølvberging, og at det difor skal vera godt utstyr i tunnelane. Men ein byggjer stadig lengre tunnelar, og ein del gamle tunnelar oppfyller ikkje dei krava som vert stilte i dag. Det skal vera ein stor konferanse om temaet i neste veke, og Austerheim varslar at det snart kjem nye forskrifter om dette.
Kjell Talle frå Masfjorden brannvern fortel at dei hadde ei stor katastrofeøving i Masfjordtunnelen like før tunnelen opna. Men då øvde dei på ei trafikkulukke og ikkje på brann.
? Det er litt merkeleg å tenkja på at me øvde på trafikkulukka omtrent akkurat der bilen byrja å brenna førre fredag, seier Talle.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




