Røyking ut også i Knarvik
Endret 20.08.07 10:49
Det ser dermed ut til at Knarvik ungdomsskule ligg endå lågare enn gjennomsnittet i Hordland, som var 3.7 prosent for gutar og 4,6 prosent for jenter. Talet røykarar på ungdomsskulane i Hordland er meir enn halvert sidan år 2000, går det fram av statistikk frå Ver røykfri-programmet.
? Ikkje kult
Raymond Eidsheim (14) og Hildegunn Aasgard (14) går begge i klasse 9b på Knarvik ungdomsskule. Begge driv med idrett, og begge er røykfrie.
? Røyking er ikkje kult! Men det er mange som trur at det er kult, seier dei.
Eidsheim spelar fotball, og Aasgard heldt på med handball.
? Eg vel heller fotballen enn røyken, fastslår Eidsheim.
? Eg synest eigentleg ikkje røyk er noko ekkelt, men av og til kan det vera veldig ubehageleg, seier Eidsheim.
Aasgard synest ikkje noko om røyk i det heile tatt.
? Eg skjønar ikkje vitsen med det i det heile tatt. Det luktar ekkelt, meiner ho.
14-åringane meiner at det ikkje skulle vore lov å selja røyk. Det hadde gjort ting mykje greiare. Men sjølv om dei to 9. klassingane ikkje røykjer, og ikkje har planar om å begynna å røykja, er ingen av dei med i «ver røykfri-programmet».
? Eg ser ikkje vitsen med å vera med på eit slikt opplegg når eg aldri kjem til å få lyst til å røykja likevel, seier Aasgard. Også her er Eidsheim einig. Han vil heller bruka tida si på å trena.
Ingen i 8. klasse
Ingen av elevane i 8.klasse på Knarvik ungdomsskule har prøvd å røykja, går det fram av den lokale undersøkinga som vart utført av elevane sjølv.
? Her kan det vera nokre unntak, for det var nokre elevar som ikkje var tilstades då undersøkinga vart gjort, fortel rektor Helge Brekke.
Han er likevel nøgd med resultatet.
Ved Knarvik ungdomsskule ser det ut til at berre to prosent av elevane røykjer fast, medan rundt fem prosent røykjer av og til, seier Brekke.
«VER røykFRI»
Brekke er sjølv ein stor motstandar av tobakksvarer. Han tåler ikkje røyk, og er svært glad for røykjelova.
På ungdomsskular er det ikkje lov å røykja, og Brekke fortel at om elevar vert tekne i røyking i skuletida, får det konsekvensar for dei.
? Me har hatt eit tilfelle i år der me hadde mistanke om røyking på eit toalett, men me kunne ikkje bevisa noko. Elles har me ikkje oppdaga noko i år, seier han.
I den landsomfattande undersøkinga kom det fram at ungdommen som røykjer, ofte har vakse opp med røyken.
? Det viser seg at dei ofte har foreldre som røykjer. Me driv ein del førebyggjande arbeid mot røyking. Blant anna er mange av elevane med på «ver røykfriprogrammet». Her har me hatt ei ganske god oppslutning, fortel Brekke. «Ver røykfri-programmet» er eit tilbod som dei fleste ungdomsskular deltek i. Programmet er oppretta av Sosial og Helsedirektoratet avdeling tobakk, Den Norske Kreftforeningen og Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Over 60 prosent av ungdomsskuleelevane i landet deltek i programmet.
For dei som klarar å halde seg røykfrie eit heilt skuleår, vert det delt ut ein premie per 25. elev på kvart klassetrinn. Skuleåret 2004/2005 vart det delt ut nærare 3000 MP3-spelarar frå programmet.
Lite røyking også på Radøy
RADØY: ? Det har også vorte klart mindre røyking blant elevane på Radøy ungdomsskule dei siste åra, seier rektor Torleif Frotjold.
Dei har ikkje gjennomført ei eiga undersøking på skulen, men gjev alle 8. klassingar tilbod om å delta i ein anti røykeprogram. Den går ut på at elevane skriv kontrakt om at dei ikkje skal byrja å røykja dei tre åra dei går på ungdomsskulen.
? Alle elevane skriv under den kontrakten. Det fører også til at dei vert med i ei trekning av ein premie til klassen, til dømes eit kamera eller ein MP3-spelar, fortel Frotjold.
Trass i desse tiltaka skjer det at elevar vert tekne for røyking i skuletida. Men dette er no langt meir sjeldan enn tidlegare, fortel rektoren. Dei har og eit tett samarbeid med foreldra om dette. Dersom dei ser nokon røykja eller kjenner røykjelukt, tek dei det opp med foreldra.
Sjølv om det vert færre ungdommar som røykjer, har Frotjold inntrykk av at bruken av snus blant elevane aukar.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




