Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Rullande musikk på Flatøy

Del | |
MELAND: Tradisjonar er viktige på 17. mai, men av og til er det nødvendig å tenka oppfinnsamt, slik dei gjorde på Flatøy. Jan Harald Sætre og Steinar Rossland drog musikkvogna i 17. mai-toget.
Publisert 18.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Syttandemai-toget på Flatøy var talrikt, fargerikt og tradisjonelt, men i år hadde dei også fått med ein oppfinnsam vri. I tillegg til lyden av 17. mai-fløyter og heiarop, kunne ein også nyta marsjar av profesjonell kvalitet. Fremst i toget på Flatøy gjekk ikkje eit tradisjonelt musikkorps, men to blide menn med veivande flagg og stereoanlegget på hjul etter seg. I år var det nemleg Steinar Rossland og Jan Harald Sætre som stod for musikken.
? Me har hatt problem med å skaffa musikkorps til toget dei siste åra. I fjor gjekk me utan musikk. Det var så trist at ein nesten skulle tru me var eit gravfølgje, seier Rossland.
Dermed var det tid for nytenking. Nytt av året er ei tralle med stereoanlegg på, korrekt pynta med flagg, ballongar og bjørkeris.
? Det var Jan Harald som kom med ideen, seier Rossland.
Fremst i toget gjekk altså Rossland og Jan Harald med vogna og musikken på slep, vel motteke av bygdefolket som fylgde bak.
? Det er mykje betre med ei slik løysing, enn å gå i tog utan musikk, seier Rossland og smiler nøgd.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt