Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Rusthol i kraftmast

Del | |
LINDÅS: Det er rusta hol i kraftmastene på kraftlina som går forbi Vågseidet på Lindås. Men BKK meiner mastene kan stå nokre år til.
Publisert 07.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Strilen har vorte kontakta av lesarar som er uroa for kraftmastene på høgspentlina som går forbi Vågseidet på Lindås. Mastene er laga av jern, og i enkelte av mastene har det rusta ganske store hol i jernet, slik det eine bildet viser. Folk lurer på om mastene vil tola eit skikkeleg uver, slik me har hatt ein del av dei seinare åra. Mastene står ikkje langt frå folk, og kraftlina kryssar den gamle vegen mellom Vågseidet og Lindås.

Toler ein del
Kraftselskapet BKK var på sin årlege inspeksjon i fjor haust, og då var konklusjonen at mastene ville kunna stå nokre år til.
? Me har årlege inspeksjonar av kraftlinene, og konklusjonen er at desse mastene vil halda nokre år til, seier presseansvarleg Juliet Balgobin i BKK til Strilen.
Ho fortel at mastene er konstruerte slik at dei skal tola belastningar sjølv om jernet har fått ein del rustskadar. Ho veit ikkje kor gammal den konkrete kraftlina er, men vil tippa at ho vart sett opp på 1950- eller 60-
talet.

Sjå på nytt
Balgobin understrekar at BKK legg vekt på at folk skal kjenna seg trygge, og ho lovar at folk frå selskapet vil ta seg ein ny tur for å vurdera om mastene er modne for utskifting eller om dei kan stå nokre år til.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt