Sæbøskulen ny i 2009
Endret 20.08.07 10:49
Av Jon Halstein Tjore
jon.halstein@strilen.no
Dette seier rektor ved skulen, Rolf Sandstad, som er sekretær for plangruppa som arbeider med utbygginga ved Sæbø skule.
Nybygg
Gruppa er pålagt å vurdera to ulike alternativ. Det eine er ombygging av eksisterande bygg. Arkitekten meiner at det vil gå med om lag 20 månader med denne ombygginga, og i den perioden kan det ikkje føregå undervisning ved skulen, opplyser Sandstad. Han har ikkje noko formeining om kvar dei rundt 150 elevane skal gå på skulen desse 20 månadene, men seier at arkitektkontoret ABO har opplyst at ei brakkeløysing i byggeperioden kostar om lag kr 100.000 per månad i leige.
I løpet av våren
Det andre alternativet plangruppa skal vurdera er eit nybygg nord for det eksisterande skulebygget.
Dersom politikarane går for den løysinga, kan ein halda fram med undervisninga ved skulen under byggeperioden.
? Når kan plangruppa leggja fram eit forslag til politisk behandling?
? Det er ikkje opp til meg å avgjera, men eg vonar det vil skje i løpet av våren, seier Sandstad.
Han trur elles at ein må rekna med at det kan gå opp til tre år frå politikarane gjer eit vedtak om at det skal byggjast ny Sæbø skule, til dei nye lokala kan stå klare.
Klar til 2009
Dersom dette stemmer, kan ein ny Sæbø skule stå klar til skulestart 2009. Alternativa er altså så langt at ein byggjer om eksisterande bygg, eller at ein byggjer nye undervisningslokale nord for av noverande klasseromsfløy. Vel ein løysinga med nybygg, vert dagens klasserom rivne etter at dei nye står klare. Men planen er å bruka noverande gymnastikksal i begge alternativa.
Sandstad seier elles at dette er eit skisseprosjekt, som berre er eit grunnlag for den politiske behandlinga. Når politikarane skal ta stilling til saka, kan dei velja ein av dei løysingane som er lagt fram. Men dei kan og gå inn for noko heilt anna, eller at dei vil starta utgreiingsprosessen på nytt, seier Sandstad.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




