Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Såg frakteskuta gå ned

Del | |
Ragnar Ludvigsen var i dag augevitne til at frakteskuta MS Heggholm på 58 fot gjekk ned i Osterfjorden. I bakgrunnen ei av redningsskøytene som var med i søket, som vart avslutta klokka 10.30. Ingen personar er sakna.
Publisert 18.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Politiet har no kome fram til at det var MS Heggholm som sokk i Osterfjorden i formiddag. Eigarane hadde lagt skuta til kai på Eknes, og seinast i går kveld låg Heggholm til kai der. Skuta låg med motoren i gang, dette for at lensepumpene skulle gå.
Korleis MS Heggholm har kome derifrå og ut til staden der skuta sokk i formiddag har politiet så langt ikkje funne ut noko om, opplyser operasjonsleiar Ragnar Lyssand ved Hordaland Politikammer.
? Det er tale om ei gamal skøyte som var i privat eige, seier Lyssand.
Politiet har vore i kontakt med eigarane av skøyta, og så langt trur ein ikkje at det var folk om bord.
Heggholm var bygd i tre, og var frå 1951.

Varsla politiet
Ragnar Ludvigsen fekk auge på båten klokka 09.10. Han kikka tilfeldigvis ut av kjøkenvindauget, og såg då eit fartøy med slagside.
? Dette tenkte eg at eg måtte følgja med på, seier Ragnar Ludvigsen.
Frakteskuta gjekk ned mellom Leknes i Lindås og Tepstad på Osterøy. Etter å ha varsla politiet via 112, heldt Ludvigsen vidare auga med korleis frakteskuta la seg meir og meir over. Klokka 09.25 forsvann skuta i sjøen.
? Hadde eg hatt ein båt i nærleiken skulle eg sjølvsagt ha reist ut for å sjå, seier den pensjonerte sjømannen.
Men med eit nyoperert kne og ei mil å reisa til båten sin måtte han i staden nøya seg med å halda politiet oppdatert om kvar dei skulle søka. Politibåten «Kjølen» var første leitebåt på staden, og Ludvigsen sytte for å dirigera dei rett til staden der frakteskuta gjekk under.

Avslutta 10.30
? Eg fekk filma korleis frakteskuta sokk. Det var antagelegvis mykje luft som vart stengt inne i rommet, for det kom opp mykje luft akkurat i det skuta gjekk under.
Politiet har teke beslag i filmen som viser forliset.
Helikopter var på staden klokka 09.50, og etter kvart kom også politibåten, to redningsskøyter og fleire mindre private båtar med i søket.
Kring klokka halv elleve fekk politiet rede på kva fartøy det var som sokk. Leiteaksjonen vart så avslutta.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt