Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Såtabu ikkje godt nok sikra mot brann

Såtabu ikkje godt nok sikra mot brann

Del | |

Lindås-politikarane stolar på Skansen Consult og vil brannsikra Lindåstunet. Heller ikkje på Såta bu og servicesenter i Knarvik er det trygt nok å bu. Der manglar det sprinkleranlegg, påpeikar Ståle Eilertsen.

Publisert 26.08.11 17:38
Endret 26.08.11 17:48

– Men dette kravet må likevel ikkje overdramatiserast, slik at bebuarane vert redde, seier Ståle Eilertsen i Skansen Consult etter formannskapet sitt møte torsdag.

I møtet opplyste Eilertsen at dei i fleire av Lindås sin institusjonar «er gjennomført masse som som ikkje er byggjemeldt», og at Skansen «no går inn og prosjekterer fleire bygg på nytt».


Ikkje unikt

Manglane ved det kommunale Såta bu og servicesenter kjem fram i ein heilt fersk rapport frå Skansen. Snart kjem det og ein tilsvarande rapport for Lindås bu- og servicesenter, den kommunale institusjonen på Lindås.

– Er det og utført arbeid ved desse institiusjonane som svekkar branntryggleiken? ville Nils Træland (H) vita.

– Ja, for fleire bygg, stadfesta Eilertsen.

Han sa at dette diverre ikkje er unikt for Lindås kommune.

– Dette viser at det må koma meir fokus på branntryggleik. Det er også bygd på ein fløy som ikkje er byggjemeldt, hevda Eilertsen.

– Eg høyrer at her er det ei sak me må få på bordet, kommenterte ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

– Dette er nok byggjemeldt, men det manglar nok ein del papir, sa Einar Færø frå kommunen si eigedomsavdeling.


– Lindåstunet verst

Eilertsen seier etter møtet at dei alvorlegaste manglane i ti kommunale institusjonar, er avdekka ved Lindåstunet.

– Hadde me funne noko så alvorleg som ved Lindåstunet andre stader, ville me straks ha sagt frå, seier Eilertsen.

Han ser at dei to ulike rapportane har skapt både frustrasjon og medieomtale.– Det positive no er at Lindås kommune har vald ei god målsetjing med sin brannstrategi. Det bryt positivt med ein altfor vanleg tendens at tryggleik vert forsøkt minimert og ikkje tilpassa realle behov. Det er lov å utrusta bygg med eit betre sikringsnivå enn minimumskrava i ei forskrift, seier Eilertsen.

– Og utbetringane vil kosta ein del millionar?

– Det er det ikkje tvil om, seier Eilertsen.

I formannskapet torsdag gjekk Bergen sin tidlegare brannsjef Trygve Conradi til frontalangrep på Skansen Consult, som i etterkant av møtet vel å stempla utspelet som useriøst.

Den heftige debatten om brannsikring av Lindåstunet er omtalt i Strilen si papirutgåve laurdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt