Satsar 130 mill. på supplyskip
Endret 20.08.07 10:49
? Båten er oppkalla etter bestemor mi, som heitte Dina, fortel Roald Myklebusthaug til Strilen.
Saman med faren Mikkal og broren Tore driv han Myklebusthaug Rederi i Austrheim, og det var kona hans Kari Tresvik som stod for den høgtidlege dåpen ved skipsverftet Simek A/S i Flekkfjord i Vest-Agder onsdag ettermiddag.
Heile familien og mange av dei tilsette ved reiarlaget var med på dåpsseremonien.
Nummer to
«Dina Merkur», som er 73,6 meter lang og 3250 tonn dødvekt, er den andre supplybåten til reiarlaget på Fonnes. Frå før har dei M/S Aquarius. Den nye supplybåten er litt mindre enn den førre, men elles utstyrt med det meste av moderne teknologi.
? Båten er i mellomklassen når det gjeld storleik, og alt torsdag går båten til Aberdeen i Skottland. Han skal gjera teneste i oljeindustrien på britisk sokkel i Nordsjøen, fortel Roald Myklebusthaug.
Der har også den andre supplybåten til reiarlaget oppdraga sine.
Bygginga av båten har teke vel eitt år, og prisen ligg på rundt 130 millionar kroner. Hovuddekket er på 680 kvadratmeter.
Motorane er laga av Rolls-Royce Marine AS.
24 mann
Båten har eit mannskap på tolv, og dei går i to skift, slik at det totalt er arbeid for 24 personar.
? Alle er norske, og dei kjem frå heile landet, men eg trur ikkje det er strilar blant dei, seier Myklebusthaug.
Nokre har vore tilsette i reiarlaget frå før, og ein del er nytilsette.
At Myklebusthaug gjer så tunge investeringar, er sjølvsagt eit uttrykk for at dei har tru på denne marknaden.
? Dette er ei investering for ein del år framover, fastslår Roald Myklebusthaug.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




