Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Satsar på «Opplev Nordhordland»

Satsar på «Opplev Nordhordland»

Del | |

Reiselivet vert no invitert til «Opplev Nordhordland», som skal få tre tilsette og etablerast i Austrheim.

Publisert 30.08.11 13:36
Endret 30.08.11 13:35

– Me trur dette kan utvikla næringa og profilera regionen på ein mykje betre måte, seier styreleiar Kristin Handeland i Nordhordland Reiselivslag.

Ho har også heile styret i Regionrådet bak seg om nysatsinga, som vil leggja reiselivet si økonomiske satsing inn i ein ny næringshage for reiseliv, kultur og oppleving.

– Dagens Mongstad Næringshage vert avvikla avdi seksårsperioden med støtte blant anna frå Statens Industrivekstanlegg (SIVA) går ut i haust, seier styreleiar Marvid Dale.

Kontor i Austrheim
Næringshagen har framleis pengar på bok, men må etablerast på nytt med nye eigarar innan 15. oktober. Den nye hagen vil satsa på reiseliv.

– «Opplev Nordhordland» er forslaget til namn på den nye næringshagen, som er tenkt å få kontor i Austrheim. Der er reiselivsbedriftene inviterte som aksjonærar, seier Dale.

Laget består
Nordhordland reiselivslag er meint å bestå, men berre som ei medlemsbedrift som skal samarbeida med Opplev Nordhordland.

– Laget får ingen tilsette etter den nye modellen. Alle medlemspengane som kjem inn, går direkte til marknadsføring, opplyser Handeland.

Tre tilsette
Staben som skal jobba med reiseliv, skal tilsetjast i Opplev Nordhordland.

– Med eit nytt selskap vil me få med Siva med årlege tilskot. Men ei større satsing med tre tilsette krev at aktørane i regionen samlar seg om det nye selskapet. Målet er eit årsbudsjett på vel to millionar kroner, seier Marvid Dale. Kommunane, som i stor grad har trekt seg ut som medlemer i dagens reiselivslag, vil no bidra økonomisk i drifta av det nye aksjeselskapet.

– Kommunane skal betala litt mindre enn i dag, samla kring 300.000 kroner per år, opplyser Kristin Handeland.
Reiselivsbedriftene skal ha 51 prosent av aksjekapitalen i det nye selskapet.

– Både hotella, Utvandrarsenteret, Knarvikmila, Lyngheisenteret, Havsportveka og andre aktørar er velkomne til å verta aksjonærar, seier Dale.
Reiselivslaget inviterer til eit informasjonsmøte om nysatsinga på Alver Hotel den 5. september.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt