Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Satsar på proffsykling

Satsar på proffsykling

Del | |

LINDÅS: Når Kristoffer Aase Vabø ikkje syklar, skriv han om sykling, og no vil han sykla endå meir. (Foto: Karstein Vabø)

Publisert 18.02.12 13:36
Endret 18.02.12 15:57

– Det var pappa som først fekk interessa. Eg visste ikkje at eg likte å sykla før eg etterkvart begynte å bli med han på turane hans, seier Kristoffer.

Lynkarriere

Det viste seg snart at talentet til 22-åringen var betydelig større på sykkelen enn på fotballbana.

Sommaren 2008 kjørte han inn til ei god tid på Bergen-Voss, og i august begynte han på sykkellinja på ein folkehøgskule utanfor Molde.

– Det var då eg begynte å trena organisert. Eg bestemte meg for å sjå kor god eg kunne bli, seier han.

Hekta på trening

Kristoffer elskar følelsen han har etter å ha gjennomført ei optimal treningsøkt.

– Det er kjekt å oppleva framgang og nå målsetningane dine.

Sykling er ein av dei absolutt tøffaste idrettane du kan driva med, og gir ein god følelse når ein lukkast.

Det handlar også om farten, spenninga og kicket ein får av å sitja på ein sykkel som beveger seg bortover asfalten i oppimot 100 km/t, seier han.

Satsar fullt

Etter folkehøgskulen vart studiar og «vanlig» jobb sett på vent.

For å få ein skikkeleg plass å sykla, flytta han til Sandnes for halvtanna år sidan og syklar no for Sandnes Sykleklubb. I 2010 klinte han til med etappe- og samanlagtsiger i Fana 2 dagers.

Året etter sykla han inn til 7. plass i Rankingrittet under Jæren Sykkelfestival og 12. plass i NM Gateritt.

– 12. plassen i NM var sjølvsagt eit høgdepunkt som gav vidare motivasjon.

Det er oppturane som driv deg vidare og gjer at du gløymer nedturane, sjølv om det er ein god del fleire nedturar enn oppturar, vedgår han.

Trener 20 timar veka

Kor mykje Kristoffer trener, kjem an på kor tid på året det er, om det er ei hard eller lett veke og kva som er fokuset den veka.

– Eg trener rundt 20 timar i normale veker.

Då er det langturar på 5-6 timar, intervalløkter på halvannan time, styrkeøkter på halvannen time og nokre lette restitusjonsturar, seier han.

I vinter har det blitt mykje jogging og bakkeintervall, treningsstudio og terrengsykling.

Det forbetrar oksygenopptaket.

Sykkelgrunnlaget legg han på terrengsykkelen.

– Nokre minusgrader og snø er ikkje noko problem så lenge ein har godt utstyr og riktige klede, seier han.

Men det er viktig å få timer på raceren også. Difor reiser han på treningsleirar til utlandet.

– I januar var eg på Gran Canaria og i dag laurdag reiser eg til Alicante, seier han.

Ønskjer å bli proff

Draumen er å bli proffsyklist, slik som forbilda hans Thor Hushovd og Edvald Boasson Hagen. Men det finst fleire nivå av det å vera «proff», forklarer han.

– Ein kan vera semiproff.

Det er nivået eg no ligg rett under og håpar å komma opp på i løpet av denne sesongen.

Over der er det to nivå til, der Hushovd og Boasson Hagen ligg på toppnivået.

Eg vil fortsetja å sykla så lenge eg opplever framgang og synest det er moro å halda på med.

Forhåpentlegvis resulterer det i at eg blir proffsyklist, seier han.

Sykling for alle pengane

Når Kristoffer ikkje syklar eller driv med restitusjon, skriv han artiklar for nettavisa til faren, www.sykkelnytt.no.

Det trivst han veldig godt med.

– Eg er glad i å skriva. Dessutan er det ein perfekt jobb for meg sidan eg kan jobba med det kor som helst, seier han.

Etter treningsleiren i Spania, skal han ein tur til Belgia og sykla nokre konkurransar.

Men den verkelege sesongopninga kjem i eit fransk etapperitt i midten av april.

I slutten av same månaden ventar det første rittet her heime, NorgesCup i Sandnes, fortel han.
For proffsyklistane starta sesongen allereie tidleg i januar i Australia.

Dei europeiske ritta starta no i februar.

Her i Noreg begynner sesongen i april og held fram heilt til oktober.

Proffane sin sesong går også til oktober.

Trongt nålauga

– Kor tid kan me heia på deg i Tour de France, då?

– Det er umogleg å svara på i grunnen.

Men dersom alt går optimalt og framgangen fortset som han har gjort, så blir det nok ikkje før om kanskje fem år.

Det er eit ekstremt trongt nålauga, noko dei fleste som ikkje driv med sporten ikkje skjønnar.

Det er ein lang veg å gå, men eg er motivert og nærmar meg målstreken for kvart år som går, seier den unge mannen med stålviljen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt