Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Satsar på tildekking av U-864

Del | |
FEDJE: Kystverket rår til at vraket av ubåten U-864 ved Fedje vert dekka til, ikkje heva. Mykje tyder på at arbeidet med sikring av vraket ikkje kan skje før i 2008.
Publisert 19.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Grunngjevinga for å dekka til vraket og ikkje heva det, er at dette ifølgje Kystverket totalt sett medfører mindre risiko. Kystverket informerte om si tilråding på ein pressekonferanse i Bergen tysdag. Det vert også lagt vekt på økonomi og kva som er teknisk mogeleg.
Miljøvernforbundet med Kurt Oddekalv i spissen protesterte kraftig på at U864 ikkje skal hevast. Heller ikkje Fedje-ordførar Erling Walderhaug skjul på at han håpar at vraket vert heva og fjerna.
Frå Kystverket si side vart det vist til at ei slik løysing inneber at vraket måtte hevast til 20 meter under overflata, for så å verta slept inn i smulare vatn. Dette er ein operasjon Kystverket vurderer som svært risikabel.
Tilrådinga frå Kystverket går no vidare til Fiskeridepartementet for endeleg avgjerd. Dersom avgjerda må takast før statsråd Helga Pedersen er tilbake frå mamma-persmisjon, vert det gjort av setjestatsråd.
Kystverket si leiing viste elles til at den store aktiviteten i oljesektoren gjer at det kan by på problem å få aktuelle firma til å ta ein tildekkingsjobb i 2007. Tipset er at ei tildekking, dersom dette vert løysinga, ikkje kan skje før i 2008.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt