Seier nei til 700 bustader på Flatøy
Endret 20.08.07 10:49
Grunneigarar har store planar for utvikling av Midtmarka-området på Flatøy. Det mest omfattande framlegget er ei utbygging som inneber 700 nye bustader fordelt på sju felt. Men dette møter no motbør. Styringsgruppa for reguleringsplanen, der politikarar og tilsette i kommunen sit, gjev no signal om at talet må reduserast kraftig.
? Ei utbygging må tilpassast området både estetisk og i forhold til infrastrukturen der. Dette gjeld og talet på bustader, seier ordføraren.
Styringsgruppa har ikkje talfesta kor mange bueiningar dei meiner området toler. Men gruppa gav på førre møte klart uttrykk for at ein ikkje må redusera utbygginga så mykje at det øydelegg økonomien i planane. Likevel ønskjer styringsgruppa seg ei utvikling som ikkje raskt tvingar fram ny skule og andre større tiltak.
? Men det er rom for ein del utbygging. Det vert få elevar på Flatøy skule i åra som kjem. Det kan og henda at ein i periodar kan flytta elevar frå dei eldste klassetrinna over på skulane Sagstad eller Grasdal, seier Åmdal Sandvik.
Ho ser og for seg at nye bebuarar på Flatøy også kan nytta barnehagar på Frekhaug eller Moldekleiv.
Ordføraren legg dessutan vekt på at det ikkje berre vert barnefamiliar som flyttar inn i nye bustader i Midtmarka.
Planane omfattar etablering av hotell, og styringsgruppa legg vekt på at hotellområdet skal utviklast først.
? Eit velværehotell vil vera eit unikt tilbod i Nordhordland, seier Åmdal Sandvik.
Kommunen tek sikte på å få til ein avtale med grunneigarar og utbyggjarar om finansiering av det vidare planarbeidet.
Styringsgruppa har inga formell makt i forhold til planane, men gjev signal om kva det politiske fleirtalet ønskjer seg i Midtmarka.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




