Seier nei til ny farlei
Endret 20.08.07 10:49
? Me synest det er dumt å gjera noko ein ikkje veit konsekvensane av. Spesielt fordi det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt. Så lenge det er for å gje velfødde turistar på cruiseskip ein litt kortare innsegling til Bergen, så er me ikkje nøgde, seier ekteparet Monica og Vigleik Ypsøy.
Gardsprosjekt
Etter mange års forarbeid og utdanning, flytta dei i vår til øya for å bu fast. Der vil dei driva Ypsøy Kystgard. Garden skal drivast økologisk, og i eitt med kulturlandskapet.
? Me er i ferd med å bygga opp eit unikt kulturmiljø. Me har dyr som går ute heile året, slik dei hadde før. Og me vil spe på gardsdrifta og fisket med kursverksemd, seier Vigleik.
Ekteparet legg vekt på å driva garden på ein berekraftig måte. Fleire har alt vore på omvising, seinast Åsane folkehøgskole same dag som Strilen var på besøk.
? Folk kan læra mykje av å sjå korleis ein kan nytta landskapet. Og mange let seg påverka til å leva meir samfunnsbevisst, seier Vigleik.
Dei har fått støtte av Meland kommune til å driva, og ser fram til å flytta inn i nytt hus og verke-leg få setja i gong.
? Så kva ei ny farlei med sprenging og forureining gjer med levebrødet vårt, må me engasjera oss i, seier Vigleik.
Det Naue
? Eg var med bestefar og fiska kvar sommar då eg var liten. Eg kjenner grunna ut og inn, og veit akkurat kvar fisken heldt seg. Fiskeplassane ved Det Naue er fantastiske, og har vore brukt lenge og av mange, seier Vigleik.
Kva som vil endra seg ved ei eventuell sprenging, er han ikkje sikker på.
? Eg er ikkje noko ekspert på akkurat kva som vil skje om dei sprenger, men ein ting er sikkert - noko vil endrast. Og dersom ein øydelegg dette området no, er det ikkje nokon veg tilbake. Dersom det biologiske mangfaldet må svi, kan det ikkje rettast opp att, seier ein fortvila Vigleik.
Han meiner òg at miljøvernarar bør sjå på kva ein femdobla trafikk vil gjera med bestanden av ærfuglar.
? Og dersom grunna vert teke vekk, tek ein òg vekk noko av livsgrunnlaget deira. Dei dykkar jo på grunna etter mat, seier han.
Forureining
Det er ikkje berre det biologiske mangfaldet ved fiskeplassane som uroar familien Ypsøy. Dei heldt nemleg på å bygga seg nytt hus på øya. Det nye huset vert næraste nabo til skipa som seglar den planlagde farleia til Bergen.
? Me likar å sjå alle båtane, det er berre kjekt. Når me har vore på besøk her tidlegare, har me sprunge opp på haugen for å sjå på båtane, seier Monica.
Men om båtane er flotte å sjå på, så fører dei med seg forureining.
? Me har jo lese litt om det, og sett at slike båtar forureinar svært mykje. Nokre stader får folk pusteproblem visse dagar, på grunn av båtane. Og med ei femdobling av skipstrafikken forbi huset, er me redd for kva det kan gjera med kulturlandskapet og buforholda, seier Vigleik.
? Skipa må ta svært krappe svingar, opp mot 92 grader. I vind og uver er risikoen stor for at noko gale skjer, seier Monica.
Prinsippsak
Dersom reguleringsplanane kunne forsvarast med at store båtar til verftsindustri ikkje kom under Askøybrua, meiner Monica det ville vore lettare å forstå planane.
? Det verkar som om det har vorte ei prinsippsak for enkelte politikarar i Bergen å gjennomføra denne farleia. Men dersom det berre er for å spara småpengar på drivstoff, og for å gjera turistane ei teneste, så er det ikkje verdt det. Då kan dei vel heller laga ei transitthamn utanfor Askøy, seier Monica.
? Vårt prinsipp er at det er bruk som er poenget, ikkje forbruk. Me kan ikkje forstå korleis ei ny farlei her kan forsvarast ut frå noko anna enn forbruk, og er djupt ueinige i reguleringsplanen, seier ekteparet Ypsøy.
Ønskjer alternativ farlei snarast
Reiselivsdirektøren i Bergen, Ole Warberg, ønskjer å få på plass ei alternativ farlei til Bergen snarast.
? Bergen må ikkje oppfattast som ei lukka hamn for store cruiseskip, seier han.
Då hovudplanen for Askøybrua vart godkjend av Vegdirektoratet i 1986, var det ein føresetnad at det vart laga ei alternativ farlei til Bergen. Skip høgare enn 63 meter kan ikkje segla under Askøybrua, og slike store skip vil ha stor nytte av den tilrådde farleia.
Reiseliv
Reiselivsdirektør i Bergen, Ole Warberg, meiner det er viktig at Bergen ikkje vert oppfatta som ei lukka hamn.
? Cruisetilgong er ein betydeleg del av reiselivsnæringa. Dersom Bergen vert oppfatta som ei lukka hamn, er ikkje det positivt. Me veit at i tida som kjem, vil det verta bygd mange høge skip. Det ville vera synd om desse ikkje fekk koma til Bergen. No har ein jo vore i gong med arbeidet med ei alternativ farlei nokre år, og me ønskjer å halda trykk på saka. Stortinget lova jo ei alternativ farlei for lenge sidan, seier han.
Statsråd Svein Ludvigsen uttalte under ein spørjetime i Stortinget i 2004 at han var spesielt opptatt av farleia til Bergen ut frå eit reiselivsperspektiv, mellom anna grunna framtidig cruisetrafikk. Han understreka Bergen si viktige rolle som knutepunkt og attraksjonspunkt for cruisetrafikken til Noreg.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




