Seimar med verdssensasjon
Kanskje vert han ein verdssensasjon, den nyleg utvikla kjøtdeighakkaren som Vegard Ertvaag frå Seim har tatt patent på.
Endret 17.07.12 11:05
Oppfinnaren sjølv har god tru på det.
Med på laget har Ertvaag fått kjendiskokken Erling Sundal, han som Rema 1000 nyttar til å marknadsføra middagsmat som kan lagast for under hundrelappen. Sundal har tent skikkelig på hakkereiskapen «Hackit», til liks med andre som er lei av å hakka opp kjøtdeig eller farse med ei skei eller ein steikespade.
Ide frå 2005
Vegard Ertvaag, maskinist av utdanning, fekk ideen til kjøtdeighakkaren ein gong i 2005 medan han stod og steikte kjøtdeig.
Han kom då til at det var altfor tidkrevjande og lite effektivt å stå og stikka i deigen med ein eller annen steikereiskap. Det var heller ikkje så lett å få eit godt resultat. Bitane vart gjerne litt for ulike, og steikinga ujamn, slik at nokre stykke fekk eit skorpelag.
Etter å ha tenkt litt laga Ertvaag til eit par tidlege prototypar ved hjelp av eit kosteskaft og teflonstang med hakkeblad på enden vend ut i stjerneform som han skar til av teflonen med ein vinkelslipar.
Lang prosess
– Frå eg kom opp med desse første versjonane, har det vore ein lang og omfattande prosess med å komma fram til eit mest muleg hendig resultat som skal tilfredsstilla ei lang rekkje krav. Eg tok med meg hakkaren til Stavanger der eg trefte industridesignaren Hans Kotthaus, og mellom oss har det vore eit veldig godt samarbeid. Eg hadde aldri kome i mål med produktutviklinga utan å kunna trekkja på kapasiteten hans.
Ertvaag fortel at det er mange omsyn å ta når ein skal laga til ein slik reiskap for masseproduksjon. Ein skal komma fram til ein best muleg design for at reiskapen skal vera funksjonell og tiltalande. Då handlar det om mykje teiknearbeid og berekningar i høve til storleik, materiale og fargar, og ikkje minst er det viktig at gjenstanden er mest muleg enkel å produsera.
Heile saka finn du i Strilen si papir eller PDF-avis.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





