Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Senkar naust under streke protestar

Del | |
RADØY: Eigaren av eit naust på Ross-nes på Radøy senkar takhøgda på naustet sitt etter pålegg frå Radøy kommune. Men ho meiner ho er utsett for forskjellsbehandling.
Publisert 26.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Takhøgda og takvinkelen på eit nytt naust på Rossnes på Radøy har vorte ei heit potet dei siste par åra. Administrasjonen og politiske utval i kommunen har pålagt May Lisbeth Hetlevik å redusera takhøgda, og viser til vilkår i byggjeløyvet. Hetlevik har protestert, men no har ho bøygd seg for kommunen sine pålegg. I desse dagar har handverkarar senka mønehøgda på naustet med om lag 60 centimeter. Takvinkelen har vorte flatare enn på det naustet som vart bygd i 2004.

Ikkje likt
? Me meiner at folk vert ikkje behandla likt her i kommunen. Kontaktar kan vera gode å ha, seier Lillian Hetlevik til Strilen.
Ho er mor til May Lisbeth og har følgt prosessen heile vegen. Ho har ein heil perm full av papir, foto og teikningar, som viser at det finst mange naust på Radøy som er like høge og har like spiss takvinkel som det naustet dottera sette opp.
? Eg har jobba i det offentlege i 40 år, og eg har aldri opplevd ei så firkanta handsaming, seier ho.

Finare
Hetlevik vedgår at naustet som vart bygd, var annleis enn det som stod i byggjeløyvet, men seier dette vart gjort for å tilpassa naustet betre til husa rundt, og at endringa ikkje var vesentleg. Og ho avviser at dette vart gjort for at rommet over naustet skulle brukast til overnatting.
? Det skal brukast til lagerplass, og det har aldri vore baktanken at dotter mi skulle tena økonomisk på dette, seier ho.

Streng
Ho meiner kommunen har vore urimeleg streng i denne saka, og at det ser ut for at dei skulle statuera eit eksempel.
? Eg kjenner ikkje til andre tilfelle der eigaren har vorte pålagd å riva, seier ho og fortel at naboane rundt tykkjer pålegget er urimeleg. Men no har dottera altså bøygd seg for pålegget og tilbakeført naustet til den forma som stod i byggeløyvet. Det tok det handverkarane to dagar å fullføra, så det har kosta ein del pengar.
? Og naustet var finare før, seier Hetlevik.
Det lukkast i går ikkje Strilen å få ein kommentar frå Radøy kommune til saka om Rossnes-naustet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt