Ser behov for privat eigedomsskatt på Fedje
FEDJE: Inntektene held ikkje heilt tritt med utgiftene. Rådmannen tek difor opp å innføra eigedomsskatt for private.
Endret 19.10.11 16:21
– Inntektspotensialet er inntil 1,5 millionar kroner per år, peikar rådmann Vidar Bråthen på i sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.
Han viser og til at eigedomskatt frå hus og hytter, som Fedje-politikarane fram til no har sagt nei til, kan dekka inn inntektstap frå oljeinstallasjonar i sjø. Her får kommunen mindre eigedomsskatt enn før.
Likevel ser rådmannen det som uheldig at kommunen sjølv må finna dekning for det nemnde inntektstapet.
Solid økonomi
Sjølv om rådmannen argumenterer for eigedomsskatt, peikar han på at Fedje likevel har «skjøtta buet» på ein god måte. Kommunen har klart å byggja opp ein buffer, og har no kring 23 millionar kroner på fond.
Og det kan koma vel med - for forventningspresset blant knapt 600 innbyggjarar er stort: Nye investeringar står i kø.
Det vil rådmannen takla betre ved å vidareføra planleggjaren som vart tilsett i vår, i tillegg til dei vel 60 årsverka kommunen har i dag.
Lønsutgiftene utgjer kring 70 prosent av driftsbudsjettet. Må kostnadene ned, vil det få konsekvensar for bemanninga. Det som uansett får konsekvensar for bemanninga, er den nedgangen Fedje for tida har i barnetalet.
Ser lyspunkt
Reservefondet kommunen har, er no lik det kommunen har i lån, men rådmannen åtvarer mot å tappa fonda ytterlegare ned.
Det ser han som ei kortvarig løysing som vil auka gjeldsbelastninga.
Trass låg aktivitet i den private sektoren, dreg rådmannen og fram ein del lyspunkt:
Eit omstillingsprosjekt har vore inspirerande for dei som har vore med, og det har resultert i danninga av Fedje Næringsråd.
Kommunen er i god gang med rullering av kommuneplanen og bygging av utleigebustader. Tilrettelegginga av nytt bustadfelt på Vestkanten er godt i gang.
Innan reiselivet vert det jobba både med hotellplanar og nye hyttefelt.
Vil auka husleigene
Etter rådmann Bråthen sitt framlegg vil Fedje også driva i pluss i 2012. I år ser netto driftsresultat ut til å verta 2,3 millionar av samla utgifter på vel 60 millionar.
Det same resultatet er sett opp i budsjettet for neste år.
Fedje har hatt armslag til å gje tenester langt ut over det pålagte, men må vera budde på å ta mange vanskelege val i framtida, åtvarer Bråthen.
For å auka inntektene, gjer han framlegg om å auka dei kommunale husleigene med kring 1000 kroner månaden. Men utan vesentleg auke i inntektene, ser rådmannen for seg at overskotet på drifta vil minka fram mot 2015.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




