Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ser fram til at nyevegen kjem

Del | |
LINDÅS: Ragnvald Seim (79) kan følgja anleggsarbeidet på vegen Espeland - Herland frå stoveglaset. Og han gler seg til den nye vegen er på plass.
Publisert 16.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg trur det er den beste traseen som er vald no, seier Ragnvald Seim til Strilen.
Han bur i det øvste huset på Sletten og kan sjå rett ned på anleggsarbeidet som no pågår. Det einaste han er litt misnøgd med, er at brua som skal gå over den gamle vegen til Seim, er litt for lang. Og så irriterer han seg over at veganlegget ofte vert kalla Åse - Herland.
? Det går ikkje bortom Åse i det heile. Der vegen går, høyrer til Erstad, påpeikar han.

Hard strid
At ein no snakkar om Espeland - Herland tykkjer han er betre, men det er ikkje heilt rett det heller. Utbetringane skal strekkja seg heilt til Vatne.
Ragnvald Seim hugsar godt diskusjonen som pågjekk på slutten av 1960-talet, då traseen til den noverande Rv 57 vart fastlagd. Seim Bondelag engasjerte seg sterkt i den saka, og han var ein av dei som deltok.
? Då gjekk det hardt for seg, minnest han.
Mange ville ha vegen forbi meieriet på Seim i ein viadukt over elva.
? Det er ei lukke at det ikkje vart ein realitet. Tenk korleis det ville ha teke seg ut, seier han.
Han er også glad for at vegen ikkje vart lagd over bøane på Herland, slik det var snakk om ein gong.

Bruka gamlevegen
Når veganlegget er ferdig, ser han fram til å kunna bruka den gamle vegen til Seim viss han skal ut på butikken. Då vil all tungtrafikken, som no går på gamlevegen, gå på nyevegen og gjennom den nye tunnelen til Herland.
Den noverande Herlands-
tunnelen og den nye vegen vidare til Isdalstø stod klar i 1972, slik at det vil gå 35 år til den nye vegen er ferdig. Den skal etter planen opnast til jul neste år.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt