Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Server-aksjonen passert 123 millionar

Del | |
Oppryddinga etter Server-havariet har så langt kosta meir enn 123 millionar kroner, og det gjenstår framleis ein god del kostnader. Aksjonen vert altså langt dyrare enn oppryddinga etter Rocknes-forliset i 2004, som kom på 110 millionar kroner. Austrheim FrP stiller no ein del kritiske spørsmål til ordføraren om korleis utvelginga av mannskap, og kven som får leiga ut båtar til aksjonen, har skjedd. 
Publisert 06.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ryddeaksjonen etter forliset til MS «Server» har passert 123 millionar kroner, og alle rekningane har langt frå kome inn enno.

220 millionar er grensa
Det internasjonale regelverket set ei øvre grense for reiarlaget sitt ansvar for opprydding etter denne typen havari på 220 millionar kroner, fortel Tom Hansen i Kystverket.
Ifølgje førstesekretær Gro Jørgensen i Kystverket har dei så langt rekneskapsført 123 millionar kroner i kostnader, men ho kunne ikkje seia noko om forventa totalkostnader for aksjonen. Pengane har mellom anna gått til behandling av det oljesølet som er samla inn, til båtleige og til leige av personell.

Oljesølet er spreidd
Det er nok likevel klart at totalkostnadene vert mykje høgare enn det som er rekneskapsført til no. Uansett er det alt klart at oppryddinga etter Server-forliset vert langt høgare enn dei 110 millionar kronene som gjekk med under oppryddinga etter forliset til MS «Rocknes» i Vatlestraumen i 2004.
? Oljesølet etter Rocknes-forliset var langt meir konsentrert. Etter Server-forliset vart olja meir spreidd. I enkelte tilfelle har me og måtta bruka helikopter for å få utstyr på plass og forureina masse ut, seier Hansen.
Ryddeaksjonen håpar dei å få avslutta til 15. juni. Men det vert nok oppdaga forureina område utover sommaren, og det vert igjen eit arbeidslag som får ansvaret for kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Fedje, og eit arbeidslag i Austrheim som får ansvaret for kommunane Austrheim, Gulen og Solund. Kystverket hadde synfaring i Austrheim i går.
? Det har gått veldig bra med ryddearbeidet i Austrheim, seier Hansen.

Stiller spørsmål ved oljeryddingsaksjonen


Det er brukt heile 12 millionar kroner på oljeopprydding i Austrheim kommune frå M/S «Server» havarerte ved Fedje 12. januar og fram til og med april. I tillegg kjem kostnadene for mai og juni, og det som må koma etter den tid. Austrheim FrP har no levert ein interpellasjon til ordføraren, der dei stiller ei rekke spørsmål i samband med ryddeaksjonen.

Lukrativ båtleige
Austrheim kommune forskoterer pengane til oppryddinga og sender rekninga vidare til Kystverket. Staten krev så pengane tilbake frå reiarlag og forsikringsselskapet deira.
Rolf Henning Myrmel frå Austrheim kommune, som leiar ryddeaktivitetane frå Langøy, sa til Strilen i førre veke at Kystverket har faste satsar for båtleige, og at det er dei som har bestemt at dei skal leiga båtar i staden for å kjøpa. Tom Hansen i Beredskapsavdelinga til Kystverket stadfestar at dei leiger inn båtar og utstyr, framfor å kjøpa dette.
? Dette vert gjort fordi dette er ein aksjon som vert avslutta på eit eller anna tidspunkt, og at ein då ikkje treng utstyret. Dessutan skal ein ha mange båtar med ein gong aksjonen startar, og det er ikkje lett å få til i samband med kjøp, seier Hansen.
Han seier at timeleiga for ei 12 fots jolle med 9,9 hk motor er 140 kroner timen, og  stadfestar at det kan vera snakk om opp til 180.000 kroner for leige av denne typen båt i løpet av tida ryddeaksjonen har vore i gang. Men han kunne ikkje på ståande fot stadfesta om det har skjedd i Austrheim.
Til samanlikning kan nemnast at ein splitter ny 14 fots Terhi med 8 hk Tohatsu motor står til sals på Finn.no til 28.800 kroner.

Mange spørsmål
Blant spørsmåla FrP har stilt, er korleis utvelginga av mannskap til ryddejobben har skjedd, og korleis utvelginga av kven som fekk leiga ut båtar har føregått. Det har og vore ei belasting på enkelte personar ved teknisk kontor i Austrheim i samband med ryddeaksjonen, og FrP lurar på kva følgjer dette har fått for byggjesaksbehandlinga i kommunen. Dei spør og om det får vidare følgjer for behandlingstida at Rolf Henning Myrmel, som er oppmålingsingeniør, no også skal følgja opp ryddearbeidet i Solund og Gulen. FrP lurar og på om risikoanalysen, som vart vedteken av kommunestyret i fjor, hadde nokon som helst verdi i samband med ryddeaksjonen. I risikoanalysen vart nettopp det at ein båt havarerte vurdert som den største risikoen i Austrheim kommune.

Svarar i kommunestyret
Ordførar Ole Lysø (Ap), som mottok interpellasjonen i går morgon, ønskjer ikkje å svara på desse spørsmåla overfor Strilen.
? Kommunelova set klare reglar for korleis ein interpellasjon skal behandlast, då dette er noko anna enn berre nokre spørsmål. Mellom anna skal svara gjevast skriftleg og det skal vera debatt i kommunestyret i samband med behandlinga. Me vil difor halda oss strengt til lovverket i denne saka, seier ordføraren, som altså kjem tilbake med svara i neste kommunestyre.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt