Signerer for Arna-Bjørnar
Endret 20.08.07 10:49
? Eg gler meg veldig, smiler 17-åringen, som no også får sin debut i landslagssamanhang.
Kontrakten er ikkje signert, men alt tyder på at det unge fotballtalentet vert Arna-Bjørnar-spelar.
? Me ønskjer å sikra oss henne. Ho ønskjer å koma til oss. Og Åsane har signalisert at dei er villige til å la henne gå. Eg trur det formelle vil vera på plass i løpet av neste veke, seier Arna-Bjørnar-trenar Morten Kalvenes.
Frekk og direkte
Hovudpersonen sjølv gler seg veldig til å kunna kle seg i den svarte- og raude drakta. Ho trena eit par gonger med Arna-Bjørnar før sommaren i fjor, men vart for alvor teken inn i varmen etter Sommarproffveka 2006, som Arna-klubben arrangerer.
? Her fekk hun vist seg så pass fram at ho vart tilknytt oss på hospitantbasis. I haust trena ho med oss ein gong i veka. I vinter har ho gjort det éin til to gongar i veka, opplyser Kalvenes. Han er så langt svært nøgd med det ungjenta har prestert.
? Eg trur absolutt at dette er ein spelar som kan tilføra oss noko. Ho er ein offensiv spelartype, har god fart, og har mykje i seg til å verta ein bra målscorar. Ho er både frekk og direkte når ho har ballen, oppsummerer toppserietrenaren.
Han antydar at Ingrid Ryland er den av nykomarane som kanskje har markert seg best i treningskampane i vinter med toppseriemotstand.
? Ho har scora to mål og servert fleire målgjevande. Ho har kort fortalt markert seg veldig positivt på kort tid, rosar han.
Og det er fleire enn Morten Kalvenes som har fått augo opp for den lovande 17-åringen. J19-landslagstrenar Jarl Torske har nemleg teke ut Austrheim-jenta i troppen til 8-nasjonersturneringa på La Manga i perioden 10. - 17. mars.
Sytte for opprykk
Ingrid Ryland er svært takksam for tilliten hun har vorte vist i Arna-Bjørnar.
? Av dei fem treningskampane eg har spelt, har eg fått starta i fire, fortel Austrheim-jenta, som altså kjem til Arna-Bjørnar frå Åsane. I fjorårets avgjerande kvalifiseringskamp mot Førde scora ho Åsane sine to einaste mål, og sytte dermed for opprykk til 2. divisjon.
Inntrykket av hennar nye «arbeidsgjevar» er upåklagelig.
? Eg stortrivst alt, og håpar å utvikla meg godt. Det viktigaste no er å prestera stabilt og unngå skadar, seier hun, og legg ikkje skjul på at ein plass i førsteellevaren er draumen.
? Slikt kan ta lang tid, men det kan også skje veldig fort, forklarar Kalvenes.
17-åringen er elev på idrettslinja på Framnes VGS i Norheimsund. Det betyr halvannan times reisetid kvar veg for å delta på trening. Men dette vert det slutt på til våren.
? Då flyttar eg tilbake til Åsane for å begynna på idrettslinja på U.Phil. Det er i alle fall planen, fortel ho.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




