Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Sikrar seg jobb for framtida

Sikrar seg jobb for framtida

Del | |

Morten, Christian og Vegard toppa fredag Nordhordlandsmeisterskapen i CNC-faget.

Publisert 30.04.12 13:52
Endret 30.04.12 13:50

– Dette hadde me aldri trudd, seier dei tre etter å ha mottatt det synlige beviset hjå Nordhordland industriservice på Olsvollstranda fredag.

Viktig for framtida

Skulekonkurransen i CNC-faget er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordhordland Handverk- og Industrilag, Osterøy Industrilag, Opplæringskontoret for Nordhordland og dei vidaregåande skulane i regionen.

Målet er blant anna å gjera faget meir kjent og å få kandidatar frå vårt distrikt med i Yrkes-NM og seinare internasjonale konkurransar i World Skills.

CNC-faget

– Tidlegare har det også vore CNC-konkurranse for lærlingar, men det fekk me ikkje til i år i mangel på kandidatar, seier Vivian Kårbø i Nordhordland Handverk- og Industrilag.

Men dette trur ho kjem til å ordna seg etter kvart som fleire deltek i skulekonkurransen før dei vert lærlingar.

Ein lindåsing

Morten Lone Kallekleiv (17), som vart nummer ein, går 2. året på Osterøy vidaregåande skule.

Etter to år i lære frå komande haust, er planen å bli ingeniør.

Christian Kjørsvik Larsen (17) kjem frå Erdal på Askøy og går 2. året på TAF på Knarvik vidaregåande skule.

Han har praksis to dagar i veka alle fire åra.

Vegard Fredriksen (18) frå Lindås vart nummer tre og er kjempenøgd med det.

Når fagbrevet er på plass om to år, er planen å prøva lukka i forsvaret.

Meir skule freistar lite, fortel han.

Tok fem timar

Sjølve konkurransen vart gjennomført dagen før premieutdelinga hjå Nordhordland industriservice på Olsvollstranda.

Med mentorar og dommarar hengjande over skuldra, skulle dei tre teikna, laga program og programmera og produsera ein aksling på fem timar.

Kven som var best, vart vurdert på bakgrunn av utnytting av tid, programmering/rigging i maskin og kvaliteten på detaljen.

– Det ser veldig komplisert ut, men det handlar om å kunna maskina sitt språk, forklarer dei. 

Angrar ikkje

Dei tre fekk vita om konkurransen av lærarane sine og bestemte seg for å delta etter at dei vart valde ut under meir uformelle konkurransar i klassane sine.

Og dei angrar ikkje. For i tillegg til «diplomet», som kan vera den detaljen som gjer at dei går framfor andre i ein søkjarprosess, vanka det rause gåvedryss frå ulike leverandørar.

Eit tredagars CNC-seminar i Kongsberg med reise og opphald dekka, var heller ikkje å forakta.

Ikkje nok CNC-operatørar

CNC står for Computer Numeric Contro, og blir i dag mest brukt i tradisjonell mekanisk industri.

Men teknologien er også på full fart inn i både tekstil- og treindustrien.

Arbeidsplassar finst i store og små bedrifter som er høgt spesialiserte for framstilling av nye produkt for mekanisk industri, og i verkstader for vedlikehald av utstyr i annan industri.

– Visst industrien skal overleva, må det mekaniserast, så me er ikkje redde for at desse karane kjem til å stå utan arbeid, sa Alf Einar Holdhus og Kjell Løtveit frå Osterøy vidaregåande skule, og Brigt Skeie frå Knarvik vidaregåande skule.

– Problemet er faktisk å få nok CNC-operatørar, legg Inge Kvamme frå Nordhordland industriservice til.

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ayla måtte avlivast

Ayla måtte avlivast

MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

    Lathi på Everest for andre gong

    Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

      Tok årets første bad

      Tok årets første bad

      MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

        Tog og is uansett ver og vind

        Tog og is uansett ver og vind

        Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

              Siste kortnytt