Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Silje Hope i Grand Prix

Silje Hope i Grand Prix

Del | |

Silje Hope (til h.) er oppvaksen i Oslo, men begge foreldra er frå Masfjorden. 28. januar deltek ho i delfinalen i Melodi Grand Prix. (Foto: Hans F. Asbjørnsen)

Publisert 18.01.12 09:40
Endret 18.01.12 09:39

– Det vert veldig spennande. Me meiner me har ein god låt, seier Silje Hope (33) til Strilen.

Laurdag 28. januar står ho på scena saman med dei andre i jentegruppa Cocktail Slippers, i den andre delfinalen i den norske finalen i European Song Contest (Melodi Grand Prix).

Denne delfinalen går i Larvik.

– Me skal syngja ein låt som heiter «Keeps on dancing».

Den handlar om ei såkalla femme fatale, ei litt forførande dame som ikkje er så lett å temja, seier Hope.

Masfjorden
Silje Hope er for det meste oppvaksen i Oslo, men begge foreldra hennar kjem frå Masfjorden.

– Far min var frå indre Hope, og mor mi er frå Sandnes.

Me eig det huset der Kvamsdal fargeri held til, og me har feriert ofte i Masfjorden, så eg kjenner meg veldig knytt til kommunen, seier Silje Hope til Strilen.

No er ho busett i Oslo og jobbar stort sett med musikk på heiltid.

Ho er vokalist i Cocktail Slippers, som har eksistert i om lag ti år.

– Kunstnarnamnet mitt er «Hope», det gjev meining både her i landet og i utlandet.

Little Steven
Silje Hope fortel at gruppa mellom anna har samarbeidd med Steven van Zandt, «Little Steven», gitarist i bandet til Bruce Springsteen og skodespelar i TV-serien Sopranos.

– Takk vera han var me på ein turné i USA i fjor haust.

Me har også vore med i TV-programmet «Senkveld».

Bandet har gjeve ut fleire plater og er for tida i gang med ei ny.

Fjør i hatten
Låten dei skal opptre med i Grand Prix, har dei komponert sjølve.

– Me er ganske fornøgde med at me vart plukka ut til å vera med i finalen.

Etter det eg har høyrt, vart det sendt inn mellom 500 og 600 melodiar til konkurransen, og det er berre 24 som får vera med i finalen, seier Hope.

Ho fortel at musikken Cocktail Slippers spelar, er ganske rocka, med rockemusikk frå 1950- og 60-talet som inspirasjon.

– Me har vorte samanlikna med «The Runaways» og jamvel «The Supremes».

«The Runaways» var ei amerikansk jentegruppe på 1970-talet, og «The Supremes» skulle vel ikkje behøva nokon nærare presentasjon.

Tette vokalharmoniar er noko av varemerket til Cocktail Slippers også.

Håpar på finale
«Cocktail Slippers» er først ut i delfinalen frå Arena i Larvik.

Dei kjempar mot åtte andre melodiar om å kvalifisera seg til finalen i Oslo Spektrum i februar.

– Me håpar sjølvsagt å koma dit, seier Silje Hope, og oppfordrar folk til å delta i avstemminga.

Ho fortel at dei likar å opptre i ulike kostyme, og i Grand Prix skal dei vera utkledde som sirkusartistar, og der ho er sirkusdirektøren.

– Det skulle vel passa bra sidan heile European Song Contest er litt av eit sirkus, seier ho.

 Gode karakterar
Oslo-avisene VG og Dagbladet har høyrt gjennom alle dei norske MGP-bidraga og gjeve sine synspunkt.

Hjå VG vert Cocktail Slippers sin song kåra til det aller beste bidraget, og er den einaste som får terningkast fem.

Dagbladet gjev femmar til tre andre kandidatar, medan Cocktail Slippers får terningkast fire.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt