Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sinne mot nye luktskyer

Del | |
Nye luktskyer fører til helseproblem for folk både i Sløvåg og Masfjorden. Men Gulen kommune seier i går at det så langt ikkje er grunn til uro for langsiktige skader. Fredag opplevde blant anna barnehagen på Hosteland den foferdelege lukta.
Publisert 22.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
«Ingen av dei prøveresultata ein har fått til no, gjev grunn til uro», er ordlyden i ei pressemelding utlagt på Gulen kommune si heimeside ved 13.00-tida i går. Meldinga er underskriven av ordførar Trude Brosvik og rådgjevar Aud Gunn Løklingholm.
? Me må berre avventa nye resultat før me kan gå ut med bastante konklusjonar, seier kommunelege Tommy Normann. Han skulle i går undersøkja tilsette ved både Halsvik Wergeland og Baker Oil, etter tidlegare å ha undersøkt tilsette i Vest Tank.
Onsdag kom det ei ny luktsky frå Vest Tank som i følgje Normann gjorde fleire sjuke.
Når Normann får spørsmål om kreftframkallande stoff, er han forsiktig med å kommentera.
? Om det er slike stoff, er dei så langt påvist i uhyre små mengder, seier Normann.
? Me beklagar sjølvsagt luktproblem og at folk vert kvalme. Men så langt er det ikkje påvist noko som gjev grunn til å rekna med langtidsverknader, seier rådmann Harald Haugejorden ved 13-tida i går til Strilen.
Der vert det vist tol at SFT har gjeve Vest tank løyve til opprydding og fjerning av massar etter eksplosjonen. Arbeidet vil gje auka luktplager medan det pågår, men det er venta at fjerninga av massar ville vera fullført i løpet av gårsdagen.
Det er påvist to typar dioksin i ein privat brønn. Dioksin kan i visse mengder vera krefframkallande.
Gulen kommune reknar ikkje med at dette innhaldet av disoksin i denne brønnen skuldast erksplosjonen ved Vest Tank. Dei påviste verdiane er svært låge, går det fram av pressemeldinga.
Både kommunen og Vest Tank har tatt mange prøvar av både drikkevatn, gassutslepp og slam frå tankgarden.
Rådet frå Folkehelseinstituttet er å avventa prøveresultat før ein eventuelt set inn tiltak.
For nokre prøvar som gjeld svovelsambindingar og løysemiddel, vil analyseresultata først vera klare i neste veke.

Plager også på
Hosteland i går
MASFJORDEN: Fredag ettermiddag  får Strilen melding om sterk luktplage også på Hosteland i Masfjorden.
? Lukta kom ved åtte-tida fredag morgon, og ho er forferdeleg. No må det snart verta slutt på dette! seier Åse Tyse Dåe Midtbø, som jobbar i barnehagen. Lukta kom inn via ventilasjonssystemet, sjølv om både dører og vindauge vart stengde.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt