Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Siste mjølketår frå Fammestad

Del | |
 LINDÅS: Margrethe Myking elskar dyra sine. Men no har ho teke den tunge avgjerda om å leggja ned gardsdrifta. Ved nyttår forsvinn den siste kua frå Fammestad.   
Publisert 03.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Klart det er vemodig. Men slik situasjonen er no har me i grunnen ikkje noko val, seier bonde Margrethe Myking.
Saman med mannen Jan Fammestad har ho drive gard på Fammestad sidan 1994. Garden dei driv er på vel 800 mål. Totalt med både mjølkekyr og kalvar har dei rundt 20 dyr. Margrethe Myking fortel at dei kvart år produserer rundt 55.000 liter mjølk på garden
? Når me legg ned, betyr det eigentleg 55.000 færre literkartongar med mjølk i butikken i året, seier gardbrukaren lurt.

Meir hjort enn storfe
Før ekteparet overtok garden, var det foreldra til Jan, som stod for gardsdrifta. Dei kan fortelja at garden på Fammestad har vore i drift heilt sidan tidleg på 1600-talet. Ein gong var det mange aktive mjølkebønder på Fammestad. Men etter kvart som åra har gått, har dei forsvunne ein etter ein. Berre dei siste åra har heile fem gardar vorte nedlagde i området. I dag er det berre Margrethe att av mjølkebøndene ? enn så lenge.
? Det er veldig synd at den gode jordbrukstradisjonen i nærmiljøet her skal gå tapt. Men det same skjer overalt. I heile Kløvheim skulekrins er det berre to mjølkebønder att utanom oss, fortel Margrethe. 
? Ja, no har me faktisk meir hjort enn storfe på bakkane her, skyt Jan humoristisk inn.

For dyrt å driva

Ekteparet stadfestar at det er mange grunnar til at dei vel å leggja ned garden. Men først og fremst dreiar det seg sjølvsagt om økonomi.
? Ein ting er at utgiftene er store og inntektene små. Men hovudproblemet vårt er at bygningen og utstyret me brukar ikkje lenger held driftskrava. For førti år sidan var garden her den mest moderne i bygda. Skulle me fått bruket på beina att no, måtte me ha fornya det for kring ein million kroner. Det er uaktuelt, fastslår Jan Fammestad raskt.

Arbeid utanom
Både Margrethe og Jan er oppvaksen på gard. I tillegg har dei begge gått på jordbruksskule, og arbeidd aktiv med gardsarbeid i mange år. Sjølv om det hovudsakleg har vore Margrethe som har stått for gardsdrifta på Fammestad, har Jan òg teke aktivt del i arbeidet.
? Eg plar kalla han for drengen min, seier Margrethe og ler.
Ho fortel at ho utanom gardsdrifta arbeidar to dagar i veka på Fyllingsnes møblar. Jan er fulltidstilsett ved Mongstad base. Difor har det vore naturleg at Margrethe har teke seg av mjølking og fôring morgon og kveld.
? Eg brukar veldig mykje tid i floren. I løpet av ein dag er eg her i fire-fem timar. Stundom langt fleire. I tillegg kjem reingjering og vedlikehald, seier Margrethe, som stadfestar at det er tidkrevjande å vera bonde.
? I alle fall når ein skal ha arbeid utanom. Og det må ein jo om ein skal kunne klara seg. Alle veit jo at det ikkje er mogleg å driva gard på rein idealisme.

Klar med champagnen
Ettersom Margrethe dei siste åra har nytta det meste av tida si på dyra og garden, er ho svært spent på korleis det vil gå etter nyttår når ho ikkje lenger har garden å sysla med.
? Det vert nok veldig uvant. Etter så mange år som gardsbrukar, er det klart det vert trist å mista alle dei gode samtalepartnarane i floren, seier Margrethe med eit smil.
Mannen nikkar samd.
? Det vert absolutt merkeleg å setja kroken på døra. Men samstundes vert det godt å sleppa alle bekymringane. Den dagen dyra fer skal eg setja meg utanfor løa og spretta ei flaske champagne, seier Fammestad. 

Meir fritid
Både han og kona håpar på meir ferie og fritid etter at garden vert lagt ned. Sjølv om dei framleis kjem til å ha ein del arbeid med vedlikehald av garden, vert det på langt nær så travelt som no.
? Både veving og fjellturar er hobbyar me satsar på å bruka meir tid til. Dessutan har eg planar om å skaffa meg ein fulltidsjobb. Men kva eg skal arbeida med, veit eg ikkje enno. No vil eg først kvitta meg med gardsdrifta, så skal eg byrja tenkja på det, seier den avtroppande bonden Margrethe Myking.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt