Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sjikane og bråk på nattbussen

Del | |
i Dersom du ikkje set deg ned og kjører knuser me trynet på deg» er mellom det nattbussjåførane får høyra når dei bed ungdomsgjengar om å slutta å drikka og bråka på bussen til Bergen. ? Ver så snille og ta til vit, bed Audun Rønn og Leif Szajnfeld i Tide Buss. Dersom bråkmakarane ikkje skjerpar seg, kan nattbusstilbodet forsvinna.
Publisert 20.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dette er nokre av tiltaka som skal motverka dei uhaldbare tilstandane på nattbussen mellom Nordhordland og Bergen. Bråk, drikking, hærverk, truslar og oppkast er ein del av det nattbussjåførane må handtera kvar einaste helg.

Verst natt til søndag
Leif Szajnfeld er sjåfør og verneombod i Tide Buss, og kjører også nattbuss sjølv. Han fortel at det er mest ille natt til søndag. Han seier dei verste er ungdomsgjengar på mellom 18 ? 22 år som har vore på vorspiel og held fram festen på bussen som går klokka 23 frå Frekhaug og Knarvik til Bergen. Enkelte kastar til og med ølflasker til kvarandre inne i bussen.
? Tidlegare gjekk det an å snakka til folk, men i det siste har det ikkje nytta. Eg har fått beskjed om at dersom eg ikkje set meg ned og køyrer, så skal dei knusa trynet på meg, seier Szajnfeld, som sjølvsagt ikkje kan vurdera kven som meiner alvor og kven som berre vil skremma.
Tidlegare har det vore vanskeleg å melda slike alvorlege saker til politiet då det vert påstand mot påstand, men no tek Tide aktivt i bruk videoovervaking. Dette kan politiet bruka som bevis når sakene vert melde. Alle former for truslar og sjølvsagt valdsbruk skal meldast til politiet.

? Tenk dykk om
Men først og fremst ønskjer Szajnfeld og Rønn at folk skal tenkja seg om og ta seg saman.
? Dei fleste av ungdomane som bråkar på nattbussen er heilt vanlege passasjerar som me møter på kvardagar. Men når fem-seks unge har vore på fest og reiser saman, så verkar det som om dei eggar kvarandre opp, i staden for å bremsa kvarandre, seier Szajnfeld.
Han fortel at det er sjåførar i selskapet som med legeerklæring bed om at dei ikkje må køyra nattbuss, då dei slit med tidlegare vanskelege episodar.
? Det er tøft å få slengt i seg «H....... dritsekk» og «F..... sjåfør» nesten kvar einaste gong ein kjører nattbuss, seier Szajnfeld.
Dersom det ikkje vert nokon betring på tilhøva snart, risikerer ein at heile nattbusstilbodet forsvinn, då det ikkje er sjåførar igjen som vil køyra.

Må vaska bussane
I tillegg til å bråka og truga sjåførane, vert det og gjort hærverk på bussane i helgene. Nokre har spesialisert seg på å stela naudhamrar. Rønn fortel at dette kan verta veldig kritisk, for utan desse hamrane vil ein ikkje klara å knusa rutene dersom det oppstår ein naudsituasjon. I tillegg vert bussane ofte nedgrisa av øl og oppkast. Sist laurdag måtte dei vaska bussen fleire gonger i løpet av natta.
I eittida om natta reiser ein del av dei yngste ungdomane heim frå byen, og ein del av desse er veldig rusa. Det betyr ofte ny runde med vask av bussen etter turen, slik at ikkje passasjerane og sjåføren skal måtta sitja i ein eim av oppkast.

Kranglar på prisen
Avgangen frå Bergen klokka 03 er ofte veldig full. Szajnfeld meiner at 95 prosent av dei som då tek bussen har høg promille. Enkelte skal då krangla på prisen, 80 kroner til Knarvik, medan det kanskje står 60 personar utanfor og ventar på å koma inn. Det vert ofte ampert, fortel sjåføren.
? Folk må forstå at dei må betala for å ta bussen. Me kan ikkje vera sosialarbeidarar, seier Szajnfeld, som seier at det uansett ikkje er sjåførane som fastset billettprisane.
Ein sjeldan gong gjer dei unntak, dersom det til dømes er snakk om ein svært ung tenåring som dei ikkje vil lata vera igjen i byen midt på natta.

Sovnar på bussen
Enkelte skal også ha mat med seg inn på bussen, noko som ikkje kan tillatast på grunn av tilgrising og søl frå dressing, ketsjup og anna.
? Ein mann i 40-åra kasta frå seg ein halv hamburgar over alle som stod i køen og kalla meg ein «H..... gestaposjåfør» då eg nyleg nekta han å ta maten inn på bussen om natta, fortel Szajnfeld, som fortel at matforbodet ikkje noko som kvar enkelt sjåfør finn på.
Ofte skjer det at folk sovnar på vegen heim.
På siste stopp må sjåførane gjerne vekkja sovande passasjerar, og det hender rett som det er at dei får problem med å få kontakt med dei. I slike situasjonar kontaktar sjåføren politiet. Dei kjem som oftast.
? Enkelte skal også ha oss til kjøra dei lenger enn til siste stoppestad, og dette fører også av og til til krangel og sjikane når me ikkje kan gjera dette, seier Szajnfeld.
Dette har altså vore situasjonen for nattbussjåførane i lang tid. No bed Tide folk om å skjerpa seg, slik at dei kan halda fram med nattbuss også i framtida.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt