Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Sjikanert på internett

– Sjikanert på internett

Del | |

KNARVIK: Nina Bognøy (Ap) tok frå talarstolen i kommunestyret torsdag eit oppgjer med ufin personomtale på internett.

Publisert 25.09.11 16:26
Endret 25.09.11 16:25

Eksempla ho viste til var henta frå nettsamfunnet Facebook, der debatten har gått høgt særleg kring planane for eit luftsportanlegg på Erstadfjellet.
– Eg og Ståle Hauge har fått alvorlege personomtalar, tildels har det vore sjikane, sa Nina Bognøy.
I tillegg til innleggsskrivarane var det også ein del andre som hadde markert på nettsida for at dei likte dei ulike utsegnene.

Listekandidatar
Ho sa at dette til dels var skrive av listekandidatar til kommunevalet. Innlegga skal til dels vera redigerte eller sletta no i ettertid.
– For oss som har born i skulealder, har me måtta be skulane sjå om våre born må stå til ansvar for våre politiske vurderingar, sa Bognøy, og viste til at skulane har nytta valkampen som ein del av undervisninga, og at elevar slik kan ha hamna borti nettsidene der ytringane var publiserte.
– Eg håpar at me også i framtida kan kjøra tøffe og harde debattar, og vera engasjerte. Men lokalpolitikarar bør ha ein tankegang på korleis ein framtrer i sosiale media.
Fekk støtte
Etter at Bognøy tok saka opp i kommunestyret fekk ho fleire positive tilbakemeldingar frå andre parti og representantar.
– Eg for min del er ferdig med dette no. Men eg måtte ta det opp her, kommunestyret var rette plassen å ta opp dette med debattform på nettet, seier Bognøy.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt