Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sjokkert over Lindås kommune

Del | |
LINDÅS: Utdanningsforbundet er sjokkert over reaksjonane frå ordførar Tove Linnea Brandvik og rådmann Øistein Søvik i media, etter at Fylkesmannen avgjorde at det er ulovleg med felles rektorar på dei små barneskulane i kommunen.
Publisert 01.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dette går fram av ei melding frå forbundet.
? Fylkesmannen er ein institusjon for statleg tilsyn og ikkje ein tilfeldig og vanskeleg einskildperson som synsar frå eit kontor i Bergen, seier leiar i grunnskuleseksjonen i Utdanningsforbundet Hordaland, Trond Hofvind.
I meldinga frå forbundet heiter det at rådmannen i Lindås gjev inntrykk av å ikkje ta utgreiinga og vedtaket frå Fylkesmannen på alvor. Politikarane i Lindås må gripa inn. Elles vil det verta endå større skade for elevar, tilsette og for kommunen sitt omdøme, heiter det i meldinga.
Forbundet meiner at Søvik syner grenselaus arroganse og respektløyse i eit intervju i BT. Dei siktar då mellom anna til uttalen frå rådmannen om at Fylkesmannen er «meir katolsk enn paven». Dei er og kritisk til uttalar frå ordførar Tove Linnea Brandvik.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt