Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sjølvbyggjarprosjektet vann pris

Del | |
MELAND: Sjølvbyggjarprosjektet i Meland fekk i dag «Det nytter»-prisen.
Publisert 28.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Prisen er sosial- og helseetatens «Grand prix», seier Marit Helle i sosial- og helsedirektoratet.
Til årets pris kom det inn 97 søknadar frå heile landet. Juryen tok med fem tiltak i finalerunden, og mellom dei var sjølvbyggjarprosjektet. Meland-prosjektet gjekk heilt til topps i kåringa, og får dermed 100.000 kroner i premie.
«Det nytter»-prisen vert delt ut av sosial- og helsedirektoratet og Kommunenes sentralforbund (KS). Prisen har vorte delt ut i sytten år. Mellom tidlegare vinnarar er «Øvre Eiker viser ansikt», ei folkerøyrsle som kom som ein reaksjon på nynazistiske aktivitetar. Øksnes Asvo har fått prisen to gonger for den positive innsatsen for brukarane innan helse- og sosialsektoren.
Sjølvbyggjarprosjektet i Meland skal leggja til rette for nøkterne bustader til ungdom og andre som har vanskar med å koma seg inn på det vanlege bustadmarkedet. Dei vert tekne med i planlegginga og arbeidet med å byggja eller rehabilitera bustadane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt