Sjukeheimen vert ny skule?
RADØY: Ta sjukeheimen til ny barnbeskule føreslår Høgre-topp Kenneth Murberg.
Endret 29.11.11 12:22
I eit innspel til kommunen, ved ordføraren, kjem Murberg med alternative tankar til korleis kommunen kan få ein tenleg barneskule på Manger. Dagens bygg er nedslite og treng rehabilitering, noko kommunen ikkje har råd til å gjera i ein eingong.
– Det ser ut for at løysinga er ei trinnvis utbygging over fleire år, der ein i starten ser på dei mest prekære utfordringane i høve til lovkrava, skriv Murberg i innspelet til kommunen.
– All erfaring tilseier at ei trinnvis utbygging fort kan verta dyrt, sannsynlegvis mykje dyrare enn å byggja nytt. Men det er berre ei trinnvis utbygging som kan vera mogleg for Radøy kommune, med mindre ein er villig til å sjå etter andre kreative løysingar.
Flytta skulen
Murberg lanserer tanken om å ta i bruk Manger sjukeheim som ny barneskule. Høgre-toppen peikar mellom anna på at sjukeheimen ligg sentralt på Manger, at bygget tilsynelatande har hatt eit bra vedlikehald opp gjennom, og at innvendig oppdeling med lettveggar er lett å endra på.
– Kjøp av Manger sjukeheim kan komma på 20 – 30 millionar. Innvendig ombygging på 3 millionar, og bygging av gymsal på 5-7 millionar. Totalt er det tale om 30 - 40 millionar kroner, skriv Kenneth Murberg.
Han har fanga opp at fylket/Helse Vest, som er den største brukarane av huset per i dag, har planar om å avvikla aktiviteten i bygget. Elles er kommunen sjølv ein mindre brukar av den tidlegare sjukeheimen.
Med barnehagen
Murberg peikar vidare på at barnehagen på Manger, den kommunalt drivne Prestmarka barnehage, ikkje har all verda med utvidingspotensiale i dag. Barnehagen ligg mellom fotballbana i Grønålen og Manger Senter, og det er ikkje enkelt å utvida her dersom kommunen skal skaffa fleire barnehageplassar.
– Med ei samlokalisering får ein eitt felles leveringspunkt for foreldre, og lettare vedlikehald enn med to bygg, meiner Murberg.
Han meiner det også kan vera andre føremoner ved ei samling, som lettare overgang frå barnehage til skule, og tettare samarbeid mellom dei to tilboda når dei kan ha felles kontor og arbeidsrom for personalet.
– Slik denne bygningsmassen er sett saman i dag, er det mogleg å skilja barnehage og barneskulen på ein måte som gjer at elevar og barnehagebarn ikkje er til sjenanse for kvarandre.
Raskare
Ei arbeidsgruppe har alt sett på kva som må gjerast med bygningsmassen på Manger barneskule, og første del av rehabiliteringa er også teken inn i økonomiplanen dei næraste åra. Likevel meiner Murberg at ei løysing med bruk av den gamle sjukeheimen kan vera eit raskare alternativ.
– Tidsperspektiv og kostnader talar for at Manger sjukeheim kan vera ei raskare og rimelegare løysing totalt sett, skriv Murberg.
– Sett i lys av samfunnsutvikling og god bruk av kommunale ressursar synest eg det er mykje som talar for at dette framlegget bør få ein politisk gjennomgang, og eventuelt greiast ut på administrativt nivå.
Halve prisen
Murberg peikar på at skule og barnehage er viktige i seg sjølv, og at det er dårleg for kommunen om skulebygget er dårleg, og barnehagen for liten.
– God skule og barnehageplassar, og plassar å bu, er viktige faktorar i utvikling av samfunnet vårt. Dette er også faktorar som påverkar til dømes næringsutvikling.
I tillegg meiner Murberg at det kan vera store summar å spara på ein alternativ tankegang rundt skulerehabiliteringa. Murberg trur at ei trinnvis rehabilitering og utbygging av Manger barneskule kan komma på 80-100 millionar, og då utan at ein gjer noko med plassproblema i barnehagen.
Ta i bruk
Ei mogleg flytting av skule og barnehage til den tidlegare sjukeheimen vil føra til at dagens skule- og barnehagelokale kan brukast til andre føremål. Murberg har idear om kven som kan vera interesserte i å ta over desse.
– Kan fylkeskommunen vera interessert i å kjøpa hovudbygget på barneskulen og bruka det i samband med folkehøgskulen (musikkhus?).
Kan «gamle barneskolen» seljast, og eventuelt byggast om til bustader?
Prestmarka barnehage er det ikkje kommunen som eig aleine, her er det lokale Husmorlaget med. For dette lokalet luftar Murberg tanken om at det kan nyttast til næringsføremål, eller kanskje som legekontor til erstatning for Helsehuset.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




