Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Skal det vera ei ­gravemaskin?

Skal det vera ei ­gravemaskin?

Del | |

I 2007 skreiv Strilen om ei eldre gravemaskin som såg ut til å stå forlatt på ei tomt i Meland. Ho står framleis på same flekken.

Publisert 29.06.12 16:54
Endret 29.06.12 16:54

– Kan de vera så snill å laga ei sak på gravemaskina som står langs vegen til Hestnes, spør ein lesar.

Mannen har irritert seg over gravemaskina i mange år, og lurar på kvifor ho berre vert ståande der.

– Maskina forsvinn berre lenger og lenger ned i myra. Ho står med grabben ned i eit hol med vatn, og det ser ut som maskina lek olje, seier innringjaren. Han meiner at maskina utgjer ein forureiningsfare og at ho kan vera ein farleg leikeplass om born skulle koma forbi og begynna å klatra.

Av eldre dato
Eit søk i Strilen sitt arkiv avslører at det ikkje er første gongen maskina har vore tema i avisa. Maskina er nemnt i ein artikkel i 2007. Medarbeidaren som var ute og kikka på maskina skildra ho slik: «Maskina er av det ein kan kalla eldre dato, for å seia det diplomatisk. Det ser ut som om nokon har begynt å grava ei grøft, før arbeidet har stoppa opp».
Skildringa er ikkje mindre tref­­fande i dag, så me gjer eit nytt forsøk på å nøsta opp i saka.  

– Har høyrt om ho
Første telefon går til Meland kommune. Sist gravemaskina var omtalt, kunne Sveinung Toft på teknisk avdeling fortelja at dei kjente til maskina. Toft uttalte at Meland kommune ikkje hadde planar om å påleggja gravemaskinseigaren å fjerna doninga, men at dei ville vurdera det dersom maskina vart ståande.

I dag er ikkje Toft å treffa i rådhuset i Meland. Han har for lengst tatt til i ny jobb i nabokommunen Lindås. Så me prøver kommunalsjef Anny Bastesen i staden.

– Ja, det stemmer nok at det står ei maskin der, men ho kom dit før eg begynte i kommunen. Eg kjenner ikkje historia til maskina eller tomta ho står på, seier ho.

Men Bastesen kan fortelja at maskina har vorte diskutert internt i kommuneadministrasjonen.

– Me veit at det står nokre ting på ulike stader i kommunen som kanskje burde vore fjerna. Dette er ein av desse. Førebels har me ikkje gjort noko med det, men me kjem nok til å ta tak i det i løpet av hausten, seier ho.

– Kan krevja fjerning
Når Strilen spør om kommunen kan pålegga eigaren å fjerna maskina, svarar Bastesen at det finst fleire mulege måtar å få løyst ei slik sak.

– Kva kommunen kan gjera i denne bestemte saka, kan eg ikkje seia noko om, men generelt kan eg seia at dersom kommunen kjem over ting som kan utgjera ei forureiningsrisiko, så kan kommunen gå inn og krevja ting fjerna. Det gjeld også om noko på andre måtar utgjer ein trussel eller er spesielt skjem­mande for omgjevnadene, seier Bastesen.
Meir enn det kan ho ikkje seia om saka på noverande tidspunkt, så me jaktar vidare.

Skulle bli paintballbane
I følgje Strilen sitt arkiv står gravemaskina på ei hyttetomt som skulle omregulerast til paintballbane. I ein artikkel frå 2005 kjem det fram at eit firma med namn ED-paintball hadde planar for området. Og etter litt googling på nettet, lukkast det journalisten å finna eit tele­fon­nummer på ein kar som heiter Pål Helsing. Han høyrest ikkje så reint lite overraska ut når avisa ringjer og spør om han har vore involvert i planane i Meland.

– Oi, oi. Det er lenge sidan, men det stemmer. Me hadde planar om å byggja paintballbane. Eg eig framleis hyttetomta som me ville omregulera.

– Kva skjedde?
– Nei, sei det. Det vart ikkje så enkelt som me trudde. Det er eg privat som eig tomta. Då eg kjøpte tomta, fekk eg inntrykk av at ho var større enn ho var. Seinare viste det seg at me kom i konflikt med ein nabo om grensene. Det var noko rot med oppmålinga. På same tid prøvde me også å byggja bane i ein annan kommune. Det fekk me løyve til, så me la planane i Meland på hylla.

– Vil gje vekk maskina
Helsing kan også fortelja at det er han som eig gravemaskina som står på tomta.

– Me hadde tenkt å bruka ho i grunnarbeidet, men då planane stoppa opp, vart maskina stå­ande. Sidan har ho stått der.

– Har du planar om å bruka ho til noko?
– Nei, eg hadde nesten gløymt heile maskina. Ho fungerte den gongen me brukte ho, men om ho gjer det i dag veit eg ikkje. På eit tidspunkt vart eg kontakta av eit ungdomslag som lurte på om dei kunne få låna tomta til eit arrangement. Det var ikkje noko problem for meg. Eg håpa at dei kanskje kunne finna nokre bønder i nærleiken som ville ha maskina. Viss nokon skulle ha lyst på ho, så skal dei få ho gratis. Det er berre å henta ho.

– Og om ingen vil ha ho?
– Ja, då får eg vel henta ho på ein hengar og få levert ho til gjennvinning. Eg vil sjå det an over sommaren, så får eg ta tak i det, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




- Ikkje la oss betala rekninga!

- Ikkje la oss betala rekninga!

MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.

    Vil gje Skodvin utsetjing

    Vil gje Skodvin utsetjing

    LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

      Radøyløpet vart folkefest

      Radøyløpet vart folkefest

      Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.

        Folkemøte på Byrknes

        GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

          Ayla måtte avlivast

          Ayla måtte avlivast

          MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

            Lathi på Everest for andre gong

            Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

              Siste kortnytt