Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Skal det vera ein ubåt?

Skal det vera ein ubåt?

Del | |

FEDJE: No er ubåten på Fedje lagt ut på finn.no. Han er heilt gratis, men du må henta han sjølv.

Publisert 06.02.12 13:09
Endret 06.02.12 13:08

Årsaka til at ubåten gis vekk gratis, er ifølgje annonsen at han ligg litt «i vegen» der ute.

Morgan Waage som rykte inn annonsen, skriv at den nye eigaren må vera forsiktig når han tek han opp, på grunn av torpedoar og kvikksølv og slikt.

1600 treff

Båten er brukt og har ein del fuktskadar innvendig, men er eit greitt restaureringsprosjekt, skriv han.

Waage la ut annonsen på finn seint søndag kveld, og alt måndag føremiddag hadde nesten 1600 vore inne og sett på annonsen via Facebook-sida hans.

– Det er ingen som har sagt dei vil ha han, men eg har fått ein del kommentarar på at folk synest det var eit morosamt stunt, seier han.

Bruktkupp

Han fortel at Finn.no avviste annonsen, men at ho ligg der og kan lesast via linken hans.

Først lurte han på å leggja båten ut «mitt oppdrag», men enda opp med finn.no.

– Poenget er å halda saka varm, og ein må kunna ha litt galgenhumor oppi alvoret, meiner Waage.

I likskap med resten av fedjingane begynner han å bli litt lei heile saka og tenkte dette kunne vera ein litt ny vri.

Om båten skriv Waage at namnet er «U 864» og at båten er ein tysk undervassbåt av Typ IXD2-klassen.

Han vart påbegynt 15. oktober 1942 ved Deutsche Schiff und Maschinenbau i Bremen, og var operativ frå 9. desember 1943.

Ubåten lukkast aldri å senka noko alliert fartøy.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt