Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skal fjerna lukt i Sløvåg

Del | |
GULEN: Den stikkande lukta etter brannen hos Vest Tank AS i Sløvåg skal snart vera borte, lovar leiinga.
Publisert 06.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Etter eksplosjonen og brannen hos Vest Tank AS for fjorten dagar sidan, har det spreidd seg ei stikkande lukt rundt anlegget. Men den skal no verta borte, lovar dagleg leiar Jostein Berland.
? Me har fått eit firma til å fjerna slammet som var i botn av tankane, som lukta kjem frå, seier han til Strilen.
Dette arbeidet startar alt i morgon, torsdag, og skal vera gjort på under ei veke. Slammet vert sendt til eit mottak for spesialavfall i Holmestrand i Vestfold.

Tilgang til luft
Då tanken eksploderte, vart innhaldet spreidd rundt i anlegget, og det er dette slammet som no skal bort.
? Det er når dette kjem i kontakt med luft at lukta utviklar seg, seier Berland.
Han beklagar overfor naboane, men opplyser ay gassen som dannar seg, skal vera ufarleg.

Nytt anlegg
Berland opplyser og at Vest Tank AS har avtale med eit stort, internasjonalt oljeselskap om å å satsa 66 millionar kroner i Sløvåg. Då skal ein ta i bruk dei store tankane til mellomlagring av oljeprodukt. Viss dette kjem i stand, skal ein få til ei løysing som fjernar all lukt frå anlegget i Sølvåg, seier Berland.
Men skal ein få til denne investeringa, må ein kjøpa litt meir areal frå Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap, og så langt har denne avtalen ikkje gått i orden trass i at Vest Tank har akseptert vilkåra, seier Berland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt