Skal hjelpa med valet av rett yrke
Endret 20.08.07 10:49
Der har nemleg bedrifter og skular i Nordhordland gått saman for å hjelpa ungdommen å sortera alternativa for framtida si. Utstillarane, 44 i talet, er både skular, kommunar og bedrifter, og dei aller fleste har lokal tilknyting.
? Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen og utdanningsmessa i Arenum i Bergen vert ikkje like treffande for ungdom her i regionen. Denne messa er tilpassa med lokalt næringsliv og bedrifter, seier Jo Tømmerbakke, som er rådgjevar på Kaland skule.
? Me kjem til å trenga mykje lokal arbeidskraft her ute i åra som kjem, og ungdommen her ute er priviligerte, seier Vivian Kårbø, rådgjevar ved Ostereidet ungdomsskule.
Foreldra bør vera med
Å velja i kva retning ein vil gå etter ungdomsskulen er ikkje alltid så lett.
? Ein av fire vel faktisk feil. Etter eit år på vidaregåande tenkjer dei «Søren pitle, no har eg vald feil» og så må dei bytta, fortel Kårbø.
Elevane sine skuleval er ofte prega av at det er vanskeleg å få oversikt over alternativa, at perioden fram mot søknadsdato vert hektisk og intensiv, og fleire vel basert på kva som er mest populært. Rådgjevarane som har vore med i planlegginga av messa legg vekt på kor viktig det er at elevane tek turen til messa alt som niandeklassingar, og aller helst saman med foreldra.
? Det er viktig at foreldra er med borna. Då kan fleire plukka opp informasjonen, og det er lettare å diskutera skulevalet heime etterpå, seier Kårbø.
Årets elevbedrift
På messa vil det verta høve til å snakka med framtidige arbeidsgjevarar, lærarar, lærlingar og rådgjevarar.
? Det er kanskje lettare å snakka med elevar og lærlingar, ungdom som ikkje er så mykje eldre enn dei sjølve, seier Tømmerbakke.
Til messa kjem og elevbedrifter til å ha utstilling, og det vert kåring av årets elevbedriftsprisar.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




