Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skal skyta rakett i midnattssol

Del | |
GULEN: Rolf Erlend Sleire frå Dalsøyra reiser til Andøya, midnattssol og 10 grader i sjøen for å læra om rakettar. (Foto: European Space Camp)
Publisert 18.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Saman med tretten norske og seks internasjonale studentar skal Rolf Erlend Sleire frå Dalsøyra vera med på å skyta opp ein rakett i sommar. Ungdommen frå Gulen er nemleg plukka ut til å vera med på rakettforsking på Andøya Rakettskytefelt.
? Det vert spennande, eg gler meg, seier Rolf Erlend Sleire til Strilen.

Skule i ferien
På leiren får Rolf Erlend og høve til å bada i iskaldt sjøvatn som heldt maksimalt 10 grader. Han får oppleva midnattssol og treffa mange nye menneske. Mesteparten av leiropphaldet går likevel med til realfag og skule. Leirdeltakarane skal læra om avanserte radarsystem og måleinstrument. Dei vil møta både praktiske og teoretiske problem knytt til ei avansert rakettoppskytning.

Ekte oppskytning
European Space Camp har som mål å visa korleis romfartsforsking og realfag faktisk vert nytta i kvardagen. Ungdommane får og sjå kva arbeid som ligg bak ei ekte rakettoppskyting. I ei veke er det ungdommane mellom 17 og 21 år som styrer på oppskytningsfeltet på Andøya i Nordland. For å få til ei vellukka oppskytning, må dei klara å samarbeida om å løysa avanserte problem.

Høgt nivå
Leiren heldt eit høgt fagleg nivå, og både professorar og spesialistar gjev foredrag om romfart og realfag. Foredraga skal vera meir spennande og krevjande enn det deltakarane har vore borti før. Leiren har eksistert i 11 år, og talet på søkjarar har aldri vore større enn i år. Rolf Erlend er glad for at han kom gjennom nålauga og vart ein av tjue heldige som får reisa til Nordland i slutten av juli.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt