Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Skåla for ny tunnel

Del | |
LINDÅS: Sjampanjekorkane small etter at det i dag, torsdag, var gjennomslag i den nye tunnelen mellom Espeland og Herland.
Publisert 22.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ordførar Tove Linnea Brandvik fekk æra av å tykkja på knappen som utløyste salva som gav gjennomslag i den 825 meter lange tunnelen mellom Espeland og Herland på Rv 57.
? Det gjekk fint, sjølv om eg vanlegvis ikkje torer senda opp eit fyrverkeri ein gong, sa ordføraren etter at dei 300 kiloa med sprengstoff hadde gjort jobben sin.
Tunnelopninga på Espeland-sida hadde kome til syne, sjølv om den nesten var dekka av stein.
? Det gjekk heilt som me hadde planlagt, kunne skytebasen fortelja.

Grunn til å feira
Både ordførar, leiar i handverk- og industrilaget, Svein M. Nordvik og prosjektleiar Kjell Follesø i Statens vegvesen meinte det var grunn til å feira at dette viktige veganlegget ho har kome eitt seg vidare. Både næringslivet og Lindås kommune har forskottert pengar for å få anlegget realisert, sjølv om det til sjuande og sist er staten som skal betala.
? Arbeidet har gått framover jamt og trutt, og utan alvorlege uhell. Faktisk har me berre hatt ein personskade, og den var så liten at vedkomande ikkje vart sjukemeld, kunne Follesø fortelja før salva vart avfyrt.

Litt forseinka
Veganlegget har tidlegare vorte presentert som ei julegåve til innbyggjarane i Nordhordland. Slik går det nok ikkje.
? Me reknar med å sleppa trafikken på litt utpå nyåret neste år, seier Follesø til Strilen.
Ein har møtt på litt problem når det gjeld fjellet inne i tunnelen, men ikkje verre enn at ein skal greia å takla dei.
Totalt vil anlegget kosta rundt 145 millionar kroner og fjerna ein skikkeleg flaskehals på Rv 57. Næringslivet har forskottert 60 millionar og Lindås kommune ti millionar.
Samla veglengd er om lag to kilometer. Det er Kruse Smith Entreprenør AS som er hovudentreprenør, men dei har leigt inn ei rekkje underentreprenørar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt